HELSENORGE

Bakterieutbrotet: Eingongs vaskeklut var smittekjelda

Utbrotet med bakterien pseudomonas aeruginosa i 33 sjukehus i Norge omfattar over 240 pasientar. Oslo universitetssykehus (OUS) har påvist utbrotsbakterien i éin pakke med ferdig fukta eingongs vaskeklutar som ofte brukast til intensivpasientar i sjukehus.

- Helse Førde har sjølvsagt stoppa all bruk av desse eingongs vaskeklutane, seier smittevernlege i føretaket, Bent-Are Hansen. - Det er heldigvis sjeldan folk blir alvorleg sjuke av denne bakterien. Men for eldre og skrøpelege menneske kan det vere ein risiko, spesielt for typiske intensivpasientar og folk med svekt immunforsvar.

Det er påvist p. aeruginosa utbrotsstamme i éin ferdig fukta eingongs vaskeklut frå ein uopna pakke. I går vart det påvist pseudomonas i ytterlegare åtte klutar i samme batch, og desse blir no genotypa for å undersøkje om dei er identiske med utbrotsstammen. Funna styrkjer mistanken om at klutane kan vere smittekjelda. Vidare undersøkingar blir gjort og det kartleggast om klutane har vore i bruk i helse- og omsorgstenesta utanfor sjukehus. Eingongsklutane er eit kosmetisk produkt, og det er Mattilsynet som er tilsynsmynde i saka.

- Helseforetaka har delteke i ei omfattande utbrotsetterforsking der blant anna kartlegging av smitta pasienter og undersøking av produkt og utstyr dei har vore i kontakt med, har vore prioritert. No skal vi fastslå omfanget av ureining i det mistenkte produktet, forklarer overlege Kirsten Gravningen ved Folkehelseinstituttet (FHI).

P. aeruginosa er ein vanleg forekommande bakterie som trivst i vatn og fuktige omgjevnader, samt i sjukehusmiljø. Smitta pasientar som får ein infeksjon, kan behandlast med antibiotika.

Folkehelseinstituttet har koordinert ei utbrotsgruppe med fagpersonar frå alle helseregionar som har jobba systematisk for å avgrense utbrotet og finne smittekilda. Sidan utbrotsbakterien blei identifisert i mange sjukehus, gjekk mistanken i retning av ei felles ekstern kjelde – eit ureina produkt eller medisinsk utstyr som var i bruk til mange pasientar.

Etter funn av utbrotsbakterien i vaskeklutane, har OUS tatt kontakt med Sykehusinnkjøp som er innkjøpstenesta for spesialisthelsetjenesta. Sykehusinnkjøp har varsla alle helseføretak i Norge om inntil vidare å stoppe bruk av vaskeklutane frå den aktuelle produsenten. Dei har også varsla den norske distributøren om funnet. FHI har bede helseføretaka oppbevare produkta for eventuell vidare undersøking.

I Helse Førde er smittevernlegen svært glad for at smittekjelda no ser ut til å vere identifisert, etter eit omfattande detektivarbeid i ei rekke av landets sjukehus. 

- Det er trygt å komme til sjukehuset. Dette viser at vi har eit system som fann og identifiserte bakterien ved å granske den jungelen av utstyr som dei smitta pasientane har vore i kontakt med, og samanlikne alle desse opp mot kvarandre, seier Bent-Are Hansen. - No reknar vi det som trygt og tilstrekkeleg dersom alle berre følgjer dei vanlege, basale smittevernreglane i sjukehuset.




FAKTA
Pseudomonas er en slekt bakterier som lever i jord og vann og som ved anledning kan kolonisere og eventuelt forårsake infeksjon hos mennesker. Pseudomonas er gramnegative stavbakterier, hvorav noen arter produserer gule, grønne eller blå fargestoffer (pigmenter). Flageller på overflaten gjør at de er bevegelige, derfor vil de spre seg i store ringer i skålen ved dyrking.
Uttales pseudomˈonas.

Kjelde: Store Norske Leksikon