Avviklar stillinga som stabsdirektør og funksjonen som viseadministrerande

Stillinga som direktør for stab og støtte vert ikkje lyst ut. Dette er ein av fleire endringar i leiinga for Helse Førde.

Adm. dir. Arve Varden orienterte føretaksstyret om dette i dag.

I staden for å ha ein stabsdirektør, skal direktørane og avdelingssjefane i stab og støtte no rapportere direkte til administrerande direktør (AD). Siste året har Arne Skjelten, i tillegg til å vere HR-direktør, også vore konstituert som direktør for stab og støtte.

- Vi reknar med å spare kring 1,5 millionar kroner på omlegginga, seier administrerande direktør Arve Varden.

Dei som skal rapportere direkte til administrerande er direktørane for drift og eigedom (Helge Robert Midtbø), fag og utvikling (Anne Kristin Kleiven) HR (Arne Skjelten), økonomi (Halfdan Brandtzæg), avdelingssjefane for IKT (Frode Schanke) og føretakssekretariatet (Anya Therese Markhus) og kommunikasjonssjef (Terje Ulvedal).

Frå før rapporterer direktørane for kirurgisk klinikk (Trine Hunskår Vingsnes), medisinsk klinikk (Signe Nordvik) og psykisk helsevern (Børge Tvedt)  til administrerande. Det same gjeld dei stadlege leiarane ved sjukehusa i Nordfjord (Tone Holvik) og Lærdal (Margun Thue).

Men det skjer fleire endringar. Stillinga som viseadministrerande direktør fell også vekk. I staden skal direktør for psykisk helsevern, Børge Tvedt, fungere i ADs stad når han er vekke.

Organisasjonskartet blir etter dette sjåande slik ut:

orgkart.JPG

Det blir også ei endring i føretaksleiinga. Direktør for drift og eigedom tek plassen til stabsdirektøren.

- Drift og eigedom er eit så stort område i føretaket at eg ønskjer leiaren der som ein del av leiargruppa, seier Varden.

Etter desse endringane ser føretaksleiinga per dags dato slik ut:

orgkart2.JPG