Auka openheit om sjølvmordstankar

Helse Vest er saman med alle sine helseføretak i gang med ein folkeopplysningskampanje med bodskapen «Snakk om sjølvmordtankar. Det kan redde liv». I korte videoar blir bodskapen delt i sosiale media. Gjennom kampanjen ønskjer vi å skape openheit om sjølvmord og formidle kvar ein kan få hjelp.  

​Sjølvmord er eit alvorleg folkehelseproblem. Kvart år tek om lag 600 nordmenn sitt eige liv, nesten fem gonger meir enn talet som døyr i trafikkulykker. I tillegg er det truleg mellom 3500 og 7500 personar årleg som prøver å ta sitt eige liv, og 5000-6000 som er pårørande til sjølvmord.

Snakkar ikkje om sjølvmordstankar

Tal frå ein registerstudie viser at 62 prosent av dei som tok sjølvmord i 2016, ikkje hadde vore i kontakt med psykisk helsevern i løpet av det siste året før dei tok sjølvmord. Nesten 70 prosent av dei hadde vore i kontakt med fastlegen, veker eller siste månader før – men ikkje snakka om sjølvmordstankane sine.

Alexandra_3000px_medtekst.jpg

I ei rekkje filmar laga for sosiale media blir bodskapen «Snakk om sjølvmordtankar. Det kan redde liv» formidla til eit breitt publikum. Dette er den første filmen, denne med Alexandra Gjerpen.

Bodskapet i kampanjen er at vi treng meir openheit om temaet sjølvmord. Målet er å gjere det lettare å snakke om, både for dei som strevar med sjølvmordtankar, og dei som er bekymra for nokon dei kjenner. Ved å legge til rette for slike samtalar kan fleire få den hjelpa dei treng.

Kampanjen rettar seg mot alle som bur på Vestlandet og har som mål å bidra til å redusere talet på sjølvmord.

- Kampanjen vedkjem oss alle, seier psykologspesialist i psykiatrisk klinikk, Stig Magne Solstad. Årsakene til sjølvmord er samansette og komplekse. Det kan vere mange grunnar til at ein får tankar om døden eller om å ta sitt eige liv, og det er ikkje unormalt å ha slike tankar. Det kan vere ein reaksjon på negative livshendingar som alvorleg fysisk sjukdom, samlivsbrot og økonomiske problem, eller at livet over tid har blitt slitsamt og smertefullt.

Verknadene av koronapandemien har gjort dette året ekstra vanskeleg for mange. Å ha sjølvmordstankar er ikkje eit teikn på svakheit, men det er ofte eit teikn på at livet ikkje er som det bør vere, og at noko må endrast for å få det betre.

- Det er ikkje alltid ein greier å få til slike endringar åleine. Då er det viktig å be om hjelp. Den beste hjelpa kan vere frå familie, vener eller andre ein stolar på, men somme treng også profesjonell hjelp, frå fastlege, kommune- eller spesialisthelsetenesta. Det fyrste steget er å snakke om korleis ein har det. Med denne kampanjen håpar me å gjere dette lettare, seier Solstad.

Nullvisjon for sjølvmord i Noreg

Regjeringa sin handlingsplan for førebygging av sjølvmord vart lansert 10. september 2020. Handlingsplanen inneber ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg, og eit av verkemidla som handlingsplanen nemner er folkeopplysningskampanjar.

Som ein del av Helse Vest sitt arbeide med å førebygge sjølvmord vil Helse Førde også bidra med kompetansespreiing og informasjon til kommunane på Vestlandet. På nettstaden helse-vest.no/selvmord har vi samla lenkjer til mange gode nettsider og kompetansehevingsprogram om sjølvmordsførebygging.