Åsen & Øvrelid AS innstilt

Etter gjennomført anbodskonkurranse er entreprenør Åsen & Øvrelid AS innstilt til kontrakt for første delprosjekt i den store sjukehusutbygginga, som er nybygg psykisk helsevern.

​Denne avtalen sikrar firmaet rett til å forhandle vidare med sikte på endeleg kontrakt på bygginga.

Første byggesteg i prosjekt Nye Førde sjukehus (NFS) er nybygget til psykisk helsevern. Totalkostnaden for bygget er berekna til drygt 300 millionar kroner. Kontrakten med Åsen & Øvrelid AS vil bli underteikna etter at Helse Vest RHF har godkjent totalprosjektet Nye Førde sjukehus. Dette skjer 11. desember. 
 
Mål og meining med samtalane som no startar, er å optimalisere og kvalitetssikre alle delar av prosjektet i tråd med kostnadsrammene.
Dette skal trygge eit balansert og avklart forhold mellom Helse Førde som byggherre og entreprenøren Åsen & Øvrelid i høve gjennomføringa av byggearbeidet. På denne måten sikrar helseføretaket kvalitet og gode løysingar som tilfredsstiller dagens krav til sjukehusbygg.