Arve Varden ny administrerande i Helse Førde

Arve Varden (52) er i dag tilsett som ny administrerande direktør i Helse Førde HF.

 

Varden kjem frå stillinga som rådmann i Høyanger kommune. Han tek til i stillinga i Helse Førde seinast 1. februar 2018.


Arve Varden (fotograf geir ivar ramsli).jpg
NY DIREKTØR: Arve Varden er i dag tilsett som ny administrerande direktør i Helse Førde.
- Eg er svært tilfreds med at vi har fått ein særs kompetent ny administrerande direktør for verksemda. Med sin bakgrunn frå leiarstillingar i Helse Førde og Høyanger kommune, vil Arve Varden bidra til å nå måla vi har sett oss for å utvikle Helse Førde vidare, seier styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde.

Arve Varden har vore rådmann i Høyanger kommune sidan 2011. Tidlegare har han vore direktør for medisinsk klinikk i Helse Førde (2006-2011), assisterande rådmann i Høyanger (2005-2006) og helse- og sosialsjef i Høyanger (1999-2005). Av utdanning er han diplomøkonom frå Handelshøgskulen BI, og har m.a. delteke på Nasjonalt Topplederprogram for toppleiarar i helseføretaka (2007).

Arve Varden ser fram til å ta fatt på oppgåva som administrerande direktør i Helse Førde.

- Eg ser fram til å ta til på oppdraget. Det er ei stor og krevjande oppgåve der eg er heilt avhengig av at medarbeidarar og leiarar vil spela på lag, at vi saman gjev eit godt fagleg tilbod til pasientane og skaper god drift i Helse Førde.  Viktig for å lukkast er og eit godt samspel mellom Helse Førde og kommunane. Det er mykje godt å bygge vidare på i Helse Førde, og eg ønskjer å involvere dei tillitsvalde og vernetenesta på ein god måte i arbeidet som ligg føre oss.  Eg er glad for den tilliten eg er vist, og at eg får denne moglegheita til å bidra til utviklinga av Helse Førde og spesialisthelsetenesta i fylket, seier Arve Varden.

______________________________________________________________
Kontaktpersonar for media:
Styreleiar Agnes Landstad, mobil 91 54 66 10
Arve Varden, mobil 99 21 93 52

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​