Ann-Kristin er første helsefagarbeidar i Helse Førde

Etter to år som lærling i kirurgisk avdeling har Ann-Kristin no avlagt ei tre dagars fagprøve. Resultatet for vår første helsefaglærling vart toppkarakteren MG – mykje godt.

Ann-Kristin Husabø Frøyen er 29 år og opphaveleg frå Kalvåg. Ho hadde allereie eit fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar då ho starta som lærling i kirurgisk avdeling ved Førde sentralsjukehus 19. august i 2019, og før det har ho to år på vidaregåande skule.
Ann-Kristin1.jpg
HEIDER OG ÆRE: Frå markeringa av bestått fagprøve. Frå venstre klinikkdirektør Tom Guldhav, sensor Tove Øygard Krokene, leiar for prøvenemda Marit Svortevik, avdelingssjef Nils Sletteskog, administrerande direktør Arve Varden og i midten Ann Kristin.

- Det har vore veldig spennande å vere først ut med denne utdanninga i Helse Førde, og eg er glad for å ha fått denne mogelegheita, seier Ann-Kristin etter vel overståtte dagar med fagprøve. 

No veit ho ikkje sikkert kvar ho kan få seg jobb i framtida. Det einaste ho veit, er at ho har veldig lyst til å halde fram i kirurgisk avdeling. 

- Eg vil aller helst halde fram der. Det er veldig godt arbeidsmiljø og kjekke kollegar, seier ho. 

Fagprøva over tre dagar gjekk føre seg på denne måten: Første dag møtte Ann-Kristin prøvenemnda og fekk utlevert oppgåva. Så skreiv ho pleieplan og planla neste dag, der ho hadde ansvar for stell og pleie av to pasientar. Andre dag følgde ho opp planen, og vart observert av prøvenemnda. Tredje dag: evaluering og bestått med resultatet mykje godt, som også er det beste resultatet ein kan oppnå.

Prøvenemd Sunnfjord består av leiar Marit Svortevik frå Fjaler og sensor Tove Øygard Krokene frå Florø. Kandidaten som bestod med beste karakter er letta og glad. For det ligg mykje jobb bak eit slikt fagbrev, og ho framhevar rettleiaren sin gjennom to år, hjelpepleiar Ellinor S. Sunde ved kirurgisk avdeling. 

Administrerande direktør Arve Varden, klinikkdirektør Tom Guldhav, avdelingssjef Nils Sletteskog, seksjonsleiar, assisterande seksjonsleiar og tilsette ved kirurgisk sengepost heidra Ann-Kristin med ei enkel markering fredag 28. mai saman med prøvenemnda.
Ann-Kristin2.jpg
LETTA OG GLAD: Ann-Kristin Husabø Frøyen saman med sin rettleiar gjennom dei to siste åra; Ellinor S. Sunde.