Anbodskonkurransen kring Livabygget

Administrerande direktør Arve Varden svarar i denne kronikken på medieoppslaga som har vore i etterkant av at styret i Helse Førde valde Veidekke som entreprenør for Livabygget:

varden, arve.jpg
Det har siste tida vore fleire oppslag om Helse Førde-styrets val av entreprenør til Livabygget,  nybygget for somatikk ved Førde sentralsjukehus. I dette innlegget vil underteikna prøve å forklare kvifor vi meiner valet er gjort på ein forsvarleg og klok måte.

Helse Førde valde å bruke anskaffing med samhandling for dei gjenståande delprosjekta i Nye Førde sjukehus.  Dette er ein type offentleg anskaffing der tilbydarane konkurrerer om å få vere med på å utvikle byggeprosjekt saman med byggherre Helse Førde. Tilbydaren som blir valt, får ein rett til å forhandle fram sluttpris, kvalitet og gjennomføringsprosess for byggeprosjektet saman med Helse Førde. Konkurransen er lagt opp slik at det skal vere råd å skilje ut tilbydaren som er den beste til å utvikle byggeprosjektet saman med.

Fokus har så langt vore på Livabygget, som er eit nybygg. Det viktigaste argumentet for anskaffingsmodellen er ombyggingsarbeidet vi skal gjennomføre på eksisterande bygg. Dersom vi skal lukkast i å gjennomføre dette utan store tilleggskrav frå entreprenør, må vi finne ein arbeidsmåte og kontraktsform som kan gjere dette mogeleg. Samhandlingsmodellar med entreprenør er ein metodikk vi meiner vil legge eit godt grunnlag for ei god gjennomføring av ombygginga. Vi har vore uroa for at entreprenørmarknaden ville ha liten interesse for ombyggingsarbeida som kjem til slutt i utbygginga, og valde difor å samle Livabygget og ombygginga inn i ein samla pakke for anskaffing.

Å byggje sjukehus er komplisert. Det skal vere operasjonsstover, behandlingsrom, sterile rom, rom som tilfredsstiller strenge krav til smittevern og mange andre spesialrom. Inne i sjukehuset er det avansert infrastruktur. Og i tillegg skal det byggast fleksibelt. Ingen av oss veit korleis spesialisthelsetenesta ser ut i 2050. Då må vi byggje slik at vi kan endre bygget i tråd med at behandlingstilbodet endrar seg.

Til meir komplisert eit bygg er, til tyngre vil entreprenørens kompetanse og erfaring frå tilsvarande prosjekt telje. Ved å legge større vekt på kompetanse og gjennomføringsprosess, vil Helse Førde få betre kvalitet og løysingar innanfor den økonomiske ramma.

Samla gjorde dette at vi fall ned på at pris skulle telje 20 prosent, medan kompetanse og gjennomføringsprosess talde høvesvis 45 og 35 prosent. Vi ser at fordelinga kan diskuterast, men det er ikkje slik at dette er ei uvanleg vekting i byggeprosjekt. Sjukehuset Vestfold vekta prisen til 20 prosent,  nybygg for psykisk helsevern i Kristiansand 25 prosent og den nye storbylegevakta i Oslo 20 prosent. I regjeringskvartalet er det lyst ut nybygg der pris er vekta til 20 prosent.
 
Åsen & Øvrelid skåra best på pris, medan Veidekke skåra best på dei andre kriteria. Helse Førde har evaluert prisskilnaden til kring 20 millionar kroner eks. mva. Realiteten er likevel slik at vi faktisk ikkje kan vere sikre på at Åsen & Øvrelid har billegaste tilbodet. Entreprenørens erfaring, kompetanse og oppgåveforståing skal sikre oss ein så god prosess som råd fram mot eit bygg som har dei kvalitetar vi ønskjer, og som er innanfor kostnadsramme. Helse Førde skal saman med entreprenøren finne dei beste og billegaste løysingane. Då kjenner vi oss sikre på at tilbodet vi fekk frå Veidekke har potensiale for å vere det økonomisk beste.

Så har det blitt hevda at dette blir ein konkurranse i å skrive best norskstil. Før vi valde type anbod hadde vi ein konferanse der vi inviterte interesserte entreprenørar. Her fekk dei kommentere opplegget vi hadde planlagt. Så gjennomførte vi ei runde med prekvalifisering. Etter at anboda kom inn vart det gjennomført intervjurundar og tilbydarane fekk høve til å forbetre anboda sine gjennom forhandlingar. Vi meiner å ha gjennomført ein grundig førearbeid som førte fram til at styret valde Veidekke.

Det er sluttprisen saman med kvaliteten som avgjer kva som er beste tilbodet. Det vi har fått gjennom tilboda, er på mange måtar ein førebels pris. Kva sluttsummen blir, kjem til å bli meir avklara i den samhandlingsfasen vi no skal gjennom med Veidekke. Det er sjølvsagt ikkje slik at pengar ikkje betyr noko for Helse Førde. Den økonomiske ramma for heile utbygginga på sjukehusområdet på Vie er 1,6 milliardar kroner. For Livabygget, og resten av byggeprosjektet, er prosjektkostnaden som tilbydarane konkurrerte på no 900 millionar. Vårt mål er å få ein pris som ligg innanfor kostnadsramma, og kjem sjølvsagt til å stå hardt på for å komme så langt under denne som råd. Vi meiner utgangspunktet for det er godt med valet av entreprenør som styret har gjort.

Rolf Sanne Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling AS, hevdar at i stavangerregionen får lokale tilbydarar høve til å bygge lokale prosjekt. Sidan det vert stilt spørsmål om vårt ønskje om at lokale tilbydarar skal kunne vinne store prosjekt, meiner vi det er rett å dra fram at Farabygget (prehospitalt bygg med helikopterlandingsplass) vart bygd av Åsen & Øvrelid. Det same vert no også nybygg psykisk helsevern (Dagabygget). I Lærdal i 2018 bygde vi om sjukehuset for over 20 mill. til ny MR-maskin ved bruk av lokal entreprenør. Både i Sogndal og på Nordfjordeid har vi nytta lokale selskap ved ulike byggeprosjekt.

Det har vore stilt spørsmål ved habiliteten til Bjørnar Haveland. Han var i startfasen med på å arbeide fram forprosjektet for heile nye Førde sjukehus. Deretter fekk han jobben med å vere prosjektleiar for nybygget til psykisk helsevern (Dagabygget). I april sa han opp, og gjekk til ei ny stilling i Veidekke. Der har han hatt ansvaret for å arbeide fram deira tilbod på Livabygget. Haveland blei omgåande utestengd frå all skriftleg kommunikasjon kring anbodet for Livabygget, og det blei bestemt at alle møte om Livabygget skulle skje i lukka rom der han ikkje var til stades. Haveland fullførte Dagabygget til kontrakten blei underteikna 20. mai. Deretter blei han også utestengd frå dette arbeidet. Han siste arbeidsdag i Helse Førde var 1. juni.

Spørsmål om hans habilitet er heilt legitimt. I Helse Førde stilte vi oss same spørsmålet, og derfor fekk vi våre juristar og advokatfirmaet Arntzen de Besche til å vurdere habiliteten. Deira konklusjon er at tiltaka Helse Førde sette i verk då Haveland slutta, gjorde han habil. Vi kan og nemne at spørsmål om habilitet også har blitt vurdert oppimot Åsen & Øvrelid. To av våre medarbeidarar i prosjektorganisasjonen fekk undervegs i anbodsprosessen relasjonar i forhold til Åsen & Øvrelid som gjorde at vi vurderte at dei ikkje lenger kunne delta i arbeidet.

Det har blitt påstått at Helse Førde har handtert dette klønete, og at vi skulle gitt Haveland karantene. Vi kan ikkje nekte folk å skifte jobb. Og karantene kan berre ileggast tilsette som går til konkurrerande selskap. Veidekke er ingen konkurrent til Helse Førde. Etter vårt syn har vi sett i verk alle dei tiltak vi kunne gjere for å sikre at anbodsutlysinga blei så rettvis som råd.

Vi meiner å ha gjennomført anbodsprosessen rundt Livabygget på ein god og ryddig måte. Når vi gjennomfører dialog med mogelege tilbydarar før konkurransen startar, gjennomfører prekvalifiseringsmøte og seinare forhandlingar og intervju der tilbydarane får høve til å forbetre innleverte tilbod, meiner vi at vi har gitt alle tilbydarane ein reell sjanse til å vinne. Styret vårt har avgjort at vi skal gå i samhandlingsfase med Veidekke. Først når, og om, vi kjem i mål med samhandlingsfasen, blir det skrive kontrakt.

Så er vi kjende med at Åsen & Øvrelid signaliserer at dei vil klage, noko dei har full rett til. Vi skal handtere ei klagesak på ein god og seriøs måte.

Arve Varden
administrerande direktør Helse Førde