Anbodskonkurranse nybygg psykisk helsevern

Kunngjering om anbodskonkurranse for nybygg psykisk helsevern er no publisert på Doffin.

Konkurransen gjeld totalentreprise av nybygget til psykisk helsevern ved Førde sentralsjukehus og har tilbodsfrist 15.okt 2018. Heile kunngjeringa kan du lese her.

 

Frå utlysingsteksten:

Oppgåva

Oppgåva er å etablere nybygg for psykisk helsevern som varetek nasjonale mål for utvikling av tenesta innan psykisk helsevern i Sogn og Fjordane og der det ligg til rette for heilskaplig behandling av soma og psyke.

Prosjekt nybygg psykisk helsevern HF skal vareta tilbod til vaksne med både sentralsjukehusfunksjon i Helse Førde og eit distriktpsykiatrisk senter og ein poliklinikk for barn og ungdom. 
  
Plassering

Bygget skal oppførast på Helse Førde sin tomt for Førde sentralsjukehus. Området markert på biletet under.

Innhald

Bygget skal innehalde døgnbehandlingsplasser med 41 sengerom for Psykiatrisk sjukehusavdeling. I tillegg inneheld bygget nødvendige støtteareal som poliklinikk, kontorområder, akuttmottak med meir.

Areal for bygget er på ca. 7.000m2 bruttoareal fordelt på ulike psykiatriske funksjonar.
Konseptet for bygget er basert på ei klar funksjonsdeling. Alle offentlege fellesareal er samla i ein base og sengepostane er plassert som eigen del av bygget som vender vekk frå sentralblokka. For å få nok fasade med dagslys i forhold til programkrav, og samtidig skape skjerma utrom, er det etablert lysgarder i den massive basen. Uteområde i atriet skal vere gode bruksareal for psykiatri.

Bygget skal tilfredsstille energiklasse A og passivhus-standard. Det skal leggast vekt på gode robuste løysingar med låge drift- og vedlikehaldskostnadar. Utomhusareala er viktige og sentrale då dei representerer ein viktig faktor i behandlinga av pasientane.