Blir rapporten godkjent av styret neste fredag, skal den ut på høyring blant kommunar og andre relevante instansar i fylket.
Det er knytt stor interesse til korleis ambulansetenesta og legevaktene, som samla utgjer dei prehospitale tenestene, skal driftast i framtida. Rapporten som no blir lagt fram, inneheld ei mengd interessante grunnlagsdata og vurderingar, og dannar grunnlag for neste fase i utviklingsprosjektet.
I rapporten finn du aktivitetstal for både bil-, båt- og luftambulansar, omtale av bemanning og vaktordningar, korleis andre helseføretak løyser tilsvarande utfordringar, korleis det akuttmedisinske samarbeidet er med legevaktene ute i kommunane, økonomisk grunnlag for framtidig drift, medarbeidarsynspunkt, brukarundersøking og mykje meir.
- Samarbeidet med kommunane er ein nøkkelfaktor når denne tenesta skal utformast for framtida. Vi er alle ein del av den offentlege helsetenesta, og for å få eit vellukka resultat må vi ha evne til å14:09 16.03.2018 sjå og forstå kvarandre sine utfordringar, seier Trine Vingsnes, som er direktør i kirurgisk klinikk i Helse Førde. – Verken Helse Førde eller kommunane kan aleine klare å nå alle målsetjingar, men ved å arbeide saman om dette sikrar vi trygge og gode prehospitale tenester.
Etter styrebehandlinga 23. mars skal rapporten ut på høyring i seks veker, og deretter tilbake til styret i Helse Førde i juni. Då blir vegen vidare å utarbeide meir detaljerte alternative modellar, og vedta ein av dei som skal innførast i løpet av 2019.
HER finn du den nye rapporten (sak 022/2018) om dei prehospitale tenestene i Helse Førde.