Ambulanserapport på høyring i mars

Helse Førde har justert framdrifta for arbeidet med ein ny prehospital plan for føretaket.

​Styret i Helse Førde skal ha rapporten etter første fase i arbeidet føre på møte 23. mars. Rapporten blir deretter send på høyring. Aktuelle høyringspartar får så seks veker på å komme med innspel. Planen er at styret skal handsame rapporten på ny 22. juni.

Tidlegare har tanken vore at Helse Førde-styret skulle slutthandsame rapporten på møtet i mai.

- Vi håpar den nye framdriftsplanene vil gje høyringspartane tid til ein grundig gjennomgang av rapporten, seier prosjektleiar Trine Hunskår Vingsnes.

Arbeidet med ny plan for det prehospitale området skal skje gjennom tre fasar. Dersom styret godkjenner rapporten etter første fase på junimøtet, startar arbeidet med å lage detaljerte modellar. Neste år er planen å starte innføringa av den modellen styret vedtek mot slutten av 2018.

Rapporten som no blir send på høyring seinare i vår vil avklare prinsipp, premissar og rammevilkår for det vidare arbeidet. Dokumentet som skal på høyring, vil innehalde mykje data om dei prehospitale tenestene. Her er det mellom anna sette på aktivitetstale for bilar, båtar og luftambulanse, bemanning og vaktordningar og økonomiske tilhøve. Helse Førde har henta innsynspunkt frå medarbeidarar og brukarar. Det er også gjort ei spørjeundersøking blant publikum.

Arbeidet har vore leia av ei prosjektgruppe med medlemer frå Helse Førde, kommunar og brukarar. Det prehospitale området i Helse Førde omfattar ambulanseteneste med bil, båt og helikopter samt AMK.