- Å få tilgang til slikt utstyr i ambulansane er eit stort framsteg, seier Eide Hjelle.
Han summerer fordelane opp i tre punkt:
- Vi får frigitt hender og arbeidskapasitet, men også mental kapasitet. Maskina skal ikkje erstatte anna assistanse, men er viktig for raskare å kunne etablere andre avanserte tiltak.
Det vert altså ikkje lenger nødvendig å kompromisse mellom tryggleiken til personellet og hjelpande tiltak for pasienten under transport. Hjartekompresjonsmaskinene Helse Førde har gått til innkjøp av, er pakka i hardplast-sekk og kan berast på ryggen ut i terrenget.
Dei fem stasjonane
- Maskinene har total batterikapasitet på 90 minutt. Det er rikeleg i dei fleste situasjonar, seier opplæringsansvarleg Eide Hjelle.
Dei fem ambulansestasjonane som først har fått desse maskinene. er Selje, Svelgen, Lavik, Vik og Årdal. Ambulansebåten i Solund har alt ei slik maskin. Prioriteringa har vore å sikre utstyret først til stasjonar med ein ambulanse og lange transportavstandar. Også luftambulansetenesta har slikt utstyr.
- Vi har eit mål om å få årlege investeringsmidlar til fem maskiner i dei komande åra, fram til alle stasjoner har fått dette utstyret, seier ambulansesjef Stian Sægrov.
Alle tilsette i ambulansetenesta i Helse Førde har nyleg fått opplæring i å bruke utstyret på tenesta sine fagdagar.
- Personellet roterer ein del mellom stasjonane. Det er ein av grunnane til at alle skal kunne bruke hjartekompresjonsmaskinene.
Hjartekompresjonsmaskinene er pakka i ein sekk av hard plast og kan takast med ut i terrenget.