Helsenorge

Allmennlegar (ALIS) i spesialisering i Helse Vest

Utdanning av allmennlegar skjer også i sjukehusa. No er det lansert ein ny portal for å registrere tilgjengeleg tid for spesialistutdanning for allmennlegar – ALIS portal.

Spesialisthelsetenesta skal leggje til rette for allmennlegane sitt behov for spesialisering i sjukehus (ALIS). Sjukehusa er heilt avhengige av vel fungerande og høgt kompetente fastlegar og allmennlegar får med seg viktig kompetanse og forståing frå erfaring i sjukehusa. Det er no eit generasjonsskifte blant fastlegane med mange nye fastlegar som etter forskrift må ha gjennomført allmennlegespesialisering.
 

Ny modell skal styrkje allmennlegerolla​

Helseføretaka må også synliggjere denne spesialiseringa i sjukehusa og korleis utdanninga kan gjennomførast på ein formålstenleg og god måte. I eit samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta – ALIS-kontora har ein kome fram til ein felles modell som skal styrkje allmennlegerolla gjennom gode og planlagde utdanningsløp for spesialisering i allmennmedisin.

Ei arbeidsgruppe med ressursar frå fagmiljøet har, i samarbeid med Helse vest IKT, utarbeidd ein portal for å synleggjere tilgjengeleg tid for den delen av utdanninga som skal skje i sjukehusa.

​​I denne portalen kan sjukehusavdelingane leggje ut stillingar som er aktuelle for ALIS (fane «utdanninger») og legar i allmennlegespesialisering kan melde seg som interessert til sjukehusteneste (fane «interessenter»).

K​​rev god planlegging og medverknad

​​Sjukehusa følgjer opp ved å leggje ut tilgjengeleg tid for ALIS-spesialisering. Det kan til dømes vere tid der eigne medarbeidarar har planlagde permisjonar, slik at ALIS-legane får tilsetjing i avtalt periode. Det vil sjølvsagt krevje god planlegging i sjukehusa og god medverknad frå ALIS-legane for å få dette til. Informasjon om portalen og informasjon om prioritering av allmennlegar i vikariat er ein viktig del av arbeidet som held fram i sjukehusa no.​