Alle sjukehusa har beredskap som vanleg

Alle sjukehusa i Helse Førde har akuttmedisinsk beredskap som vanleg i desse koronatider. Det vil seie at alle pasientar som vert akutt sjuke skal vere trygge på å få komme på sjukehus.

​Sjukehusa i Sogn og Fjordane samarbeider tett for å sikre at nødvendig utstyr og personale er på rett plass til rett tid for alle våre pasientar.
Både Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus nyttar anestesilegar frå Danmark og Sverige. Det blir kontinuerlig vurdert tiltak for å sikre at vi ivaretek denne funksjonen.

Når det gjeld kapasitet på respiratorar har lokalsjukehusa dette utstyret tilgjengeleg. All intensivbehandlingen skal foregå i Førde som vanleg. På grunn av pasientar med koronasmitte kan det bli behov for å flytte noko av utstyr og personell frå lokalsjukehusa til Førde sentralsjukehus.

Det blir gjort daglege vurderingar på i forhold til behov for utstyr og bemanning på alle tre sjukehusa.