- Eg er glad for at vi endeleg har tatt den nye delen av bygget i bruk, og eg har tru på at dette vil bli meir rasjonelt og at vi får eit endå betre arbeidsmiljø ved å vere samla, sa administrerande direktør Arve Varden under den vesle markeringa der representantar for leiinga, NPS, drift- og eigedomsavdelinga og entreprenøren var til stades. - Ikkje minst vil dette i siste instans komme pasientane til gode.

SAMLING I BAKHAGEN: Frå venstre administrerande direktør Arve Varden, klinikkdirektør Børge Tvedt, tillitsvald Bodhild Nyhammer Bakke, , avdelingsoverlege Trond Fjetland Aarre, rådgjevar Vibeke Ramd, fagarbeidar Lars Vikbakk, så følgjer tre representantar frå entreprenøren HT Bygg: Tarjei Korsbrekke, Kristoffer Frøysa og Øystein Ljøen. Deretter administrasjonssjef Gunvald Ludvigsen, seksjonsleiar May Kristin Sæther, teknisk sjef Per Helge Haugen (bak) og avdelingssjef Terje Jan Nes.
Den nybygde delen av Nordfjord psykiatrisenter inneheld 12 nye kontor, møterom og venterom. Den nye delen har kosta nærare ti millionar kroner.