HELSENORGE

Agnes Landstad ny styreleiar i Helse Vest

Agnes Landstad blir ny styreleiar i Helse Vest RHF. Landstad går dermed av som styreleiar i Helse Førde.

Agnes Landstad

Agnes Landstad har vore styreleiar i Helse Førde sidan hausten 2016. Det er ikkje kjent kven som tek over som leiar i Helse Førde-styret. 

​I alt tre av dei eigaroppnemnde representantane i det nye styret er frå Sogn og Fjordane. Olin Johanne Henden frå Jølster held fram som nestleiar. I tillegg kjem tidlegare fylkesmann Anne Karin Hamre frå Sogndal inn som nytt styremedlem. Det er helse- og omsorgsministeren som i dag har utnemnt det nye styret. 
Frå før er Wenche Røkenes frå Høyanger tilsetterepresentant i styret. 

Styret i Helse Vest RHF ser dermed slik ut:

  • Agnes Landstad (styreleiar) ny
  • Olin Johanne Henden (nestleiar)
  • Gunnar Berge
  • Anne Karin Hamre (ny)
  • Oddvar Kaarbø (ny)
  • Solfrid Borge (ny)
  • Tord Anton Haaland (ny)
  • ​Wenche Røkenes (tilsetterepresentant)
  • Marie Skontorp (tilsetterepresentant)
  • Egil Olsen (tilsetterepresentant)