Adressa di avgjer behandlinga du får

Kartlegginga i det nye, nasjonale helseatlaset for ortopedi syner markante geografiske variasjonar i behandlinga innbyggarane får tilbod om. Innanfor nokre sentrale ortopediske tilstandar får pasientar frå ulike deler av landet ulik grad av kirurgisk behandling.

Helseatlas i ortopedi for Noreg er det første helseatlaset produsert i Helse Førde, og vart lansert på Førde sentralsjukehus tysdag 18. desember 2018. Sjå videolink frå lanseringa HER
Gjennom kartlegginga i helseatlaset blir forbruk og variasjonar for nokre sentrale ortopediske tilstandar analysert i perioden 2012 – 2016. 
Atlasgjengen.JPG
HEIDER TIL PROSJEKTGRUPPA: Dei har gjort nybrottsarbeid i Helse Førde med lanseringa av  det første nasjonale helseatlaset frå føretaket. frå venstre Haji Kedir Bedane, Maria Holsen, fagdirektør Baard-Christan Schem i Helse Vest, prosjektleiar Marte Bale, Knut Ivar Osvoll og Jofrid Vårdal Aksnes.

- Slik kunnskap om variasjon i bruk av helsetenester gjer det mogleg å stille gode spørsmål ved eigen praksis. Så blir det opp til helseføretaka å finne årsakene til variasjonen, sjå konsekvensane for sine pasientar og sitt behandlingstilbod, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Helseatlas i ortopedi blei lansert tysdag 18. desember i auditoriet ved Førde sentralsjukehus.

Artrose i kne – flest blir operert i Sogn og Fjordane
Analysane viser at variasjonen i bruk av helsetenester var særleg stor ved kikholsoperasjon (artroskopi) som behandling for aldersrelaterte knelidingar. Det er kjent at inngrepet har liten effekt for personar 50 år og eldre, likevel er tal operasjonar berre halvert i denne aldersgruppa.

Ved kneleddsartrose er innsetting av totalprotese ein vanleg operasjon. Som figuren viser, vart pasientane i hovudsak operert ved sjukehus som ligg i eige helseføretak sitt område. Pasientar reiser likevel også til andre stader i landet for å få denne type operasjon.

ortskjema1.JPG


Prolaps i rygg – flest operert i Nord-Trøndelag
I kartlegginga fann ein stor variasjon i operativ behandling av prolaps og innsnevring i ryggmargskanalen (spinal stenose) i korsryggen Også ved operasjonar for rygglidingar blei pasientar opererte ved offentlege sjukehus i eige område, men her blei private aktørar også nytta. I Finnmark blei ingen opererte i eige helseføretak for prolaps. Det er ingen grunn til å tru at geografi har noko å seie for førekomsten av desse tilstandane, og variasjonen i behandling blir derfor rekna som uønska.

ortskjema2.JPG

Marte2.JPG

VISTE UTDRAG AV FUNNA I ATLASET: Prosjektleiar Marte Bale drog fram døme på funn av uønska variasjonar innan ortopedi i Norge.

- Arbeidet med helseatlas er eit interessant arbeid som krev kunnskap frå fleire felt. For å kunne få til eit helseatlas i ortopedi, har samarbeidet med Norsk ortopedisk forening vore avgjerande. I tillegg er det nødvendig med kompetanse innan både medisin og analyse av data frå Norsk pasientregister, seier leiar helseatlastenesta i Helse Førde, Marte Bale.

Eit viktig mål i norsk helsepolitikk
Norske styresmakter ønskjer at folk skal ha lik tilgang til helsetenester uavhengig av kvar dei bur. Helseatlas er dermed eit viktig verktøy for å samanlikne bruk av helsetenester mellom ulike geografiske område, uavhengig av kvar pasientane blir behandla. Der det er funne uønska variasjonar blir det viktig å setje i gang tiltak for redusere dette.

Fakta:
Helse- og omsorgsdepartementet gav Helse Nord RHF og Helse Vest RHF i oppdrag å utvikle ei nasjonal helseatlasteneste. Helse Førde utfører oppdraget på vegne av Helse Vest.

Helseatlas i ortopedi for Noreg er det første helseatlaset frå Helse Førde. I atlaset blir analyser for perioden 2012 – 2016 presentert.


Kontakt:
Leiar helseatlastenesta i Helse Førde, Marte Bale
Mobil: 57831678 / 97125969    E-post: marte.bale@helse-forde.no