891 nye babyar i 2016

I fjor såg 891 nye verdsborgarar dagens lys i Sogn og Fjordane.

Sidan fødeavdelingane i fylket vart slått saman 1. oktober 2012, har fødselstala i fylket lege på rundt 900 årleg, med ein topp på 1000 i 2012.

Dette er er dei eksakte fødselstala fram til 2017 for dei som har fødd i fylket, også medrekna nødfødslar på Eid og Lærdal:

• 2016 :    891 , medrekna 4 nødfødslar          ( Eid 4 )
• 2015 :    897   medrekna 6 nødfødslar          ( Eid 3 og Lærdal 3)
• 2014 :    910   medrekna 5 nødfødslar          ( Eid 3 og Lærdal 2 )
• 2013 :    882   medrekna 5 nødfødslar          ( Eid 3 og Lærdal 2 )
• 2012 :   1000 fødslar, av dette 167 på Eid som hadde fødslar til 01.10.12. 

Toppmånadene for fødslar varierer noko frå år til år, men er ofte på sommaren. I 2016 var toppmånaden november med 94 fødslar.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​