868 nye sogningar og fjordingar i 2019

Talet fødslar i Helse Førde har vore stabilt dei siste par åra. 868 barn vart fødd i Helse Førde i løpet av 2019, noko som er fire fleire fødslar samanlikna med året før.

Det skulle bli 2. januar før den første babyen i 2020 vart fødd i Helse Førde. Klokka 03.36 torsdag kom ei lita jente til verda på fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus.

Fødselstala i Helse Førde dei siste åra ser slik ut:

2019: 868 fødslar
2018: 864 fødslar
2017: 937 fødslar
2016: 891 fødslar
2015: 897 fødslar
2014: 909 fødslar