864 nye sogningar og fjordingar i 2018

864 barn vart fødd i Helse Førde i løpet av 2018. Dette er ein nedgang på 73 samanlikna med året før.

​I år var vi svært nære å få eit nyttårsbarn av nasjonalt format, i og med at den siste babyen i 2018 kom berre få minuttar før midnatt nyttårsaftan. Fødselen vart notert avslutta klokka 23.55 måndag 31. desember på fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus.
Dermed vart det den neste babyen som kan kalle seg nyttårsbarnet 2018 i Helse Førde. Han kom til verda kun eit par timar seinare, nærare bestemt klokka 02.06 tysdag 1. januar.

Fødselstala dei siste fem åra ser slik ut i Helse Førde:
2018: 864 fødslar
2017: 937 fødslar
2016: 891 fødslar
2015: 897 fødslar
2014: 909 fødslar