54 i Helse Førde i karantene

Dei fleste av desse 54 på grunn av kontakt rundt Førde klatresenter. Til samanlikning var 46 i karantene i tysdag føremiddag.

​Dette var situasjonen seint onsdag kveld i Helse Førde: Totalt 54 i karantene. Fire av desse er i isolasjon med påvist smitte. Av desse påviste er igjen tre praksisstudentar og ein tilsett i helseføretaket.
Totalt 54 er altså i karantene, 12 av desse personane er direkte knytt til påvist smitta personell i sjukehuset, sjå over.
Tre innlagte pasientar i Helse Førde er nett no i karantene.
I går onsdag analyserte Helse Førde 441 prøver for kommunane i området sitt. Fem av desse var positive, og alle desse fem prøvene var avlagt i Sunnfjord kommune. Merk at kommunar som ligg i Helse Førde sitt område godt kan ha sendt tilsvarande prøver til analyse ved laboratorium andre stader i landet.