4 nye styremedlemer i Helse Førde

Helse Førde har i dag fått fire nye styremedlemer av dei sju som er oppnemnd av eigar (Helse Vest).

​Dei eigaroppnemnde styremedlemene er som følgjer (tal auke frå 6 til 7 Helse Vest oppnemnde):

  • Agnes Landstad, styreleiar (kom inn i styret i 2014).
  • Anne Sissel Faugstad, nestleiar, NY. Ho erstattar Atle Hamar som er blitt statssekretær. Faugstd er viseadm. dir. i Helse Bergen).
  • Ole Gunnar Krakhellen, NY. Han erstattar Liv Stave. Krakhellen er kommunalsjef i Sogndal kommune).
  • Aud Ingrid Espeland (kom inn i styret i 2017).
  • Reidar Sandal (kom inn i styret i 2017).
  • Tor Vidar Myklebust, NY. Myklebust er fastlege i Naustdal.
  • Ivar Eriksen, NY. Han erstattar Helge Bryne. Eriksen er eigardirektør i Helse Vest.