30 millionar i investeringar

Det skal investerast for kring 30 millionar kroner ved sjukehuset i Lærdal i år. MR-maskina utgjer brorparten.

​Styremøte i Helse Førde fredag 27. april var lagt til Lærdal. Møtet starta med orientering og omvising på sjukehuset. Her fekk styremedlemene sjå at arbeidet med bygget som skal huse MR-maskina, er godt i gjenge. Tilbygget kjem på vestsida av sjukehuset (mot sentrum). Målet er at maskina skal installerast i haust, og etter ein innkøyringsperiode vere klar til å ta mot pasientar kring nyttår.

Ein MR er ei maskin som gjer det mogeleg å framstille digitale foto av indre organ ved hjelp av eit sterkt magnetfelt og radiofrekvente bølgjer. Helse Førde har frå før MR-maskiner ved Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus.

I tillegg blir det også investert i ny varme- og energisentral. Den gamle er kring 50 år. Ved å oppgradere til ny energisentral med varmepumpe, vil investeringa løne seg fordi straumutgiftene går ned. Helse Førde reknar med å spare straumutgifter for nær ein million kroner i året.

Den nye energisentralen skal også levere kjøling til MR-maskina, så ved å ta denne investeringa no slepp føretaket å installere kjølemaskin på MR-en.

- Det svarar seg å ta denne investeringa saman med nybygget for MR, fortalde adm. direktør Arve Varden.

Den nye varme- og energisentralen er kostnadsrekna til kring fem millionar. Når også heisen ved sjukehuset skal utbetrast i år, kjem dei samla investeringane ved Lærdal sjukehus til å nærme seg 30 millionar i år. Inkludert i denne summen er midlane frå innsamlingsaksjonen for MR ved Lærdal sjukehus. Sogningane samla inn i overkant av 10 millionar til tiltaket for to år sidan.