Administrerande direktør Arve Varden legg fram årsresultatet for styret i møte kommande fredag. Det gode resultatet skuldast fleire faktorar som slo positivt ut i 2018. Blant anna fekk helseføretaket høgare inntekter enn berekna på aktiviteten sin, og samtidig lågare kostnader på pasientreiser, H-reseptordninga, avskrivingar og finansutgifter.
Glade for godt resultat
I budsjettet for 2018 var det lagt opp til eit overskot på 28 millionar kroner, som ville vore eit tilstrekkeleg godt utgangspunkt med tanke på dei tunge investeringane helseføretaket skal gjennomføre i åra framover. I staden ender føretaket med 58 millionar i overskot.
- Vi er sjølvsagt glade for det gode resultatet, og eit slikt godt resultat vil vi i utgangspunktet bruke til investeringar. Dersom vi i framtida skulle få resultat som er svakare enn budsjett, må vi kutte i investeringane. Slik sett er dette resultatet å sjå som ein buffer inn i framtida, seier Arve Varden.
Organisasjonen får æra
Varden understrekar at tilsette i heile organisasjonen har æra for det fine resultatet i 2018 .
- Helse Førde har hatt lågt sjukefråvær, har drive godt økonomisk og samanlikna med andre norske helseføretak skåra vi høgt på kvalitet, seier Varden. – Dei tilsette har rett og slett stått på for dette resultatet.
Gje tilbake til pasientar og tilsette
Difor ønskjer den administrerande direktøren å gje noko av overskotet tilbake til organisasjonen.
- Ein del overskotet skal komme pasientar og tilsette til gode, og eg vil be styret om å få bruke noko til det medisinsk-tekniske utstyret vårt.
Varden understrekar at det ikkje er truleg at føretaket vil oppleve eit like stort positivt budsjettavvik i 2019.
- I år er målet å halde budsjettet, understrekar han.