Helleseth seier vidare at helseføretaket har ei drift som samla sett er i økonomisk balanse, sjølv om det kan variere frå område til område i rekneskapen.
- På enkelte område har vi auka utgifter og stram økonomi, på andre område har forbruket vore mindre enn føresett eller fortenesta høgare enn forventa. På den måten kan vi seie at økonomien er i balanse.
Generelt har Helse Førde kontroll på likviditeten, noko som er heilt naudsynt med tanke på dei store investeringane føretaket står framfor.
- Nett no har vi pengar på bok, men dette er ikkje midlar vi kan bruke fritt, seier Helleseth. - Dette er midlar som i stor grad er låst opp mot investeringar som allereie er vedtekne av styret, og då særleg knytt til bygginga av Nye Førde sjukehus.