HELSENORGE

10,7 millionar ekstra til vedlikehald

Regjeringa løyver no ekstra midlar til vedlikehald og utbetring av norske sjukehus. Helse Førde sin del av potten er på 10,7 millionar kroner. Pengane skal brukast i løpet av dette året, og tiltaka skal først og fremst rettast inn mot rus og psykisk helsevern.

​Midlane skal nyttast til tiltak som kjem i tillegg til dei ordinære planane for vedlikehald og utbetring i 2020.
- Dette er ei god hjelp i arbeidet med å ta inn det etterslepet som er i vedlikehald av bygningsmassen vår, seier direktør for drift og eigedom i Helse Førde, Helge Robert Midtbø. - Dette er ekstramidlar som garantert kjem til å komme både pasientar og tilsette til gode.
Ein av føresetnadene for tildelinga er at tiltak med høg arbeidsinnsats og som kan setjast i gang raskt, skal prioriterast.

Slik er planen for bruken av ekstramidlane i Helse Førde:

Prosjekt.png