107 har meldt seg til teneste

Etter at Helse Førde annonserte etter ekstraressursar i samband med korona- og berdskapssituasjonen, har 107 personar med varierande helsefagleg bakgrunn meld seg til teneste.

Folk med helsefagleg kompetanse ønskjer å gjere ein innsats i desse tider med "unntakstilstand" i helsevesenet.

- Veldig hyggeleg at så mange ønskjer å stille opp for å gjere ein innsats. Dette er ei blanding av alt frå svært erfarne fagfolk til folk som enno er i ein studiesituasjon, seier HR-direktør Arne Skjelten i Helse Førde.

Situasjonen i helseføretaket har så langt ikkje blitt så kritisk at ein må ta inn ekstraordinært mannskap, sjølv om mange tilsette no har heimekarantene på grunn av koronaviruset.

Søkarane får no svar utfrå rådande situasjon, der føretaket takkar dei som har meld seg til innsats:

Vi står no i ei uoversiktleg og krevjande tid for helsevesenet, der det kan bli nødvendig med ekstra innsats. For tida har vi en stabil situasjon knytt til tal pasientar , og vi klarer å drifte sjukehuset med dei vi har tilsett.
Vi ønskjer gjerne å få ta kontakt med deg dersom behovet etter kvart endrar seg, og om vi ser at du har ein kompetanse som kan være nødvendig for oss.

Vi vil ta direkte kontakt ved behov. Igjen; tusen takk for at du har meldt deg, står det i svarbrevet som går ut til alle 107 søkarar.