For å sikre ein grundig og god gjennomgang av alle mottatte høyringsuttalar til prehospital plan, har administrerande direktør Arve Varden varsla styret om at det kan bli nødvendig å bruke noko meir tid på saksutgreiinga enn kva han tidlegare har lagt opp til.
Vedtak 25. november?
Det går såleis mot at det ikkje vert noko realitetshandsaming av vedtakspunkta i styremøtet den 29. oktober. I dette oktober-styremøtet vil det i staden bli ein gjennomgang av dei mottekne høyringsuttalane. Dette vil igjen bety at vedtak tidlegast vil komme på styremøtet som er beramma den 25. november.
- Dei samla innspela er såpass omfattande at vi treng å gjennomgå dei ytterlegare før vi kan legge det fram for endeleg styrehandsaming. Det er mange nyansar i innspela, og vi treng denne tida for å sikre ei forsvarleg og grundig handsaming, seier Varden.
Han peikar på at fleire av innspela viser ei uro for konsekvensar, mellom anna når det gjeld responstid og samtidskonflikter.
Lavik og Bremanger
- Men vi veit også at tiltak som skal redusere risiko har vore eit sentralt tema gjennom heile plan- og utgreiingsarbeidet i prehospital plan. Det er likevel behov for at vi no summerer opp og går nøye gjennom det før endeleg styrehandsaming. Også dei økonomiske verknadene av tilrådinga treng ein nøye gjennomgang før endeleg handsaming, seier Varden.
Særleg to av tilrådingane får merksemd i mange av dei innkomne høyringsuttalane:
• Lavik: Stasjonen og døgnbilen i Lavik vert oppretthalden. Den eine av to døgnbilar i Fjaler vert gjort om til dagbil.
• Ytre Bremanger: Området skal primært dekkast av ny, oppgradert ambulansebåt stasjonert i Florø og bilambulansen i Svelgen. Ingen endringar før ny ambulansebåt er på plass i mai 2022.
Stort engasjement
Blant innspela er også resultat av to underskriftsaksjonar knytt til ambulansen i Ytre Bremanger. Dei mange innspela som er sende inn, synleggjer eit stort engasjement. Heilt grunnleggande handlar det om ei uro for at innbyggjarane ikkje skal få den hjelpa dei treng når dei får behov for prehospitale tenester.
- Må justerast over tid
- Eg forstår at folk engasjerer seg, og kanskje uroar seg, når vi foreslår endringar i eit så viktig tilbod. Men eg håpar samtidig at folk tar med seg at det ligg eit stort og grundig arbeid bak framlegget til prehospital plan, og at svært mange erfarne og høgkompetente fagfolk har bidrege, seier Varden. - Både den medisinske, tekniske og kommunikasjonsmessige utviklinga gjer at tilbodet må justerast over tid. Vi kan ikkje ha det same prehopitale tilbodet som vi hadde for 30 år sidan, det må endre seg i samsvar med den øvrige samfunnsutviklinga.
- Krav på grundig vurdering
Han meiner altså at det uansett er rett å bruke noko meir tid på å gjennomgå innhaldet i innspela før saka blir lagt fram for endeleg vedtak.
- Det er lagt eit stort og viktig arbeid ned i dei mange innspela, og dei har krav på å bli vurderte på ein god måte, seier han. - Før dokumenta går ut til styret er det gjort ein førebels gjennomgang av høyringsinnspela, som er samanfatta i eit eige vedlegg. Alle innspela, og resultat av underskriftsaksjonar, er samla i eit anna vedlegg.
Heilskapen må fram
Administrerande direktør trekk fram nokre moment som det no blir viktig å arbeide vidare med, og å ha med i den endelege styresaka:
• Innspela viser ei uro for konsekvensar, mellom anna når det gjeld responstid og samtidskonfliktar. Risikoreduserande tiltak har vore eit sentralt tema i heile plan- og utgreiingsarbeidet. Det er likevel behov for å summere opp, og gjennomgå, det, før endeleg vedtak.
• Prehospital plan er omfattande. Heilskapen i planarbeidet og målet med dei andre tiltaka må synleggjerast når dei siste delane skal vedtakast. Mellom anna gjeld det dei nye båtambulansane.
• Dei økonomiske konsekvensane av heile planen.
• Status for forskriftsfesting av responstider.
FAKTA:
Prehospital plan i Helse Førde blir utvikla og implementert i tre fasar:
• Fase 1 (haust 2017): Etablere prosjekt, forankring internt og eksternt. Avklare prinsipp, premissar og rammevilkår. Forankring/høyringsrunde.
• Fase 2 (haust 2018-haust 2019): Detaljering av modellar og val av modell.
• Fase 3 (vår 2020-vår 2023): Implementering av vald modell.