- God avstand hindra større smitteutbrot ved FSS

- At våre tilsette heldt god avstand og elles følgde reglane for smittevern, har etter alt å døme hindra eit større korona-utbrot ved Førde sentralsjukehus, meiner fagdirektør Evy-Helen Helleseth i Helse Førde.

Evy-Helen Helleseth.jpg
Ein pasient med mistanke om koronasmitte var innlagt ved Førde sentralsjukehus i veke 8. Også veka før hadde same pasienten vore innlagt ved sjukehuset to døgn, utan at det på dette tidspunktet låg føre mistanke om smitte.

- Vi sette straks i gang med sporing av alle aktuelle nærkontaktar, og resultatet av dette arbeidet var fire andre pasientar måtte følgast opp. Av våre tilsette gjekk 14 tilsette frå fire ulike avdelingar ved Førde sentralsjukehus i karantene på slutten av veke 8, seier Helleseth.

Status per i dag er: Ingen er lenger i karantene på grunn av dette utbrotet, og ingen har fått påvist smitte.

- Berre 14 måtte i karantene hjå oss, og dei fleste av desse var ute av karantene veldig  raskt! Dette er ein god indikasjon på at det har vore jobba svært godt med smittevern på sjukehuset, seier Evy-Helen Helleseth, som viser til at liknande utbrot andre stader har medført at mange fleire har måtta gå i karantene.

Helleseth viser til at avstand framleis er det aller viktigaste blant smitteverntiltaka, og minner om at kravet om avstand gjeld for alle som er på sjukehuset - også dei som no er blitt fullvaksinerte.