Sjekkliste før du kjem
For å førebyggje smitte av Covid 19 ber vi deg svare på nokre spørsmål før du kjem til sjukehuset.
Svar på spørsmåla her
Merk at dette gjeld ved fysisk oppmøte, ikkje videokonsultasjon.
Om situasjonen din endrar seg etter du har svart kan du fylle ut lista på nytt eller kontakte avdelinga du skal til.
Om du ikkje kan møte til timen må du sjølv gje beskjed om det så snart du kan!
Når skal du ikkje møte til timen din?
Du skal ikkje møte til timen dersom du (eller den som følger deg til sjukehuset) i løpet av dei siste 10 dagane har:
- Vore i utlandet
- Hatt kontakt med ein som er smitta eller sjuk med mistanke om koronavirus
- Symptom på luftvegs-infeksjon (som feber, hoste, tung pust, sår hals, eller forkjøling)
Dersom ja på eitt av spørsmåla over, ring til avdelinga der du skulle ha møtt for å få utsett timen. Telefonnummer finn du i innkallingsbrevet. Du kan også kontakte oss via helsenorge.no eller på telefon 57 83 98 20.
Tilgangskontroll på sjukehuset
Om du eller følgjepersonen din ikkje har gått gjennom sjekklista på nett før de kjem, må de svare på desse spørsmåla i døra før de kan kome inn.
Dette gjer vi for å førebygge at koronavirus-smitten kjem inn i lokala våre, og for å gjere det tryggast mogleg for alle våre pasientar her.
Treng du følgje til timen?
For å avgrense risikoen for koronasmitte på sjukehuset, har Helse Førde innført streng tilgangskontroll. Pasientar kan som hovudregel ikkje ha med seg følgje inn i lokala våre. Berre barn under 18 år og pasientar som treng følgje kan ha med seg éin person. Dette må avtalast med avdelinga du skal til på førehand.
Konsultasjon per telefon eller video kan erstatte fysisk time
For deg som ikkje treng fysisk å møte opp for å få behandling, kan timen gjennomførast per telefon eller video. Du vil få nærare informasjon om dette dersom det er aktuelt.
Meir informasjon om korona-pandemien ved sjukehusa i Helse Førde