Lærdal og Eid på topp ti-liste

Nordfjord og Lærdal sjukehus er mellom dei ti sjukehusa som får høgast skår i ein rapport om pasienterfaringar ved norske sjukehus.

Det er Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenester som kvar haust gjennomfører ei nasjonal brukarundersøking mellom vaksne døgnpasientar ved norske sjukehus. I undersøkinga blir pasientane bedne om å svare på 53 spørsmål om korleis dei opplevde sjukehusopphaldet.

Undersøkinga gjev ein indikasjon på kor nøgde pasientane er, men seier mindre om kvaliteten ved sjukehuset.

Små og spesialiserte

Resultata frå granskinga hausten 2015 viser at Helse Førde ligg om lag på same nivå som før. Lokalsjukehusa i Lærdal og Eid er også denne gongen inne mellom dei sjukehusa som skårar høgast. Felles for sjukehus a på topp ti-lista er at dei er mindre institusjonar, og gjerne spesialiserte. Førde sentralsjukehus ligg om lag på gjennomsnittet.

Betre nøgde

For Helse Førde viser resultatet at føretaket skårar betre enn landssnittet på indikatorane pårørande, organisering og samhandling, men noko dårlegare på informasjon, utskriving og ventetid.

Undersøkinga har vore gjort ei rekkje år, og samla sett er norske pasientar no meir nøgde med sjukehusa enn tidlegare.

Rapporten blei presentert for styret i Helse Førde i samband med møtet på Indre Sogn psykiatrisenter i Sogndal torsdag. Du kan lese rapporten her.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​