HELSENORGE

Merking av prøverør

Korleis merke prøverør

  • Alle prøver som blir sendt til LMBB må vere merka med pasienten sitt namn, fødselsnummer og prøvetakingstidspunkt. Feilmerka prøver, eller prøverør som ikkje stemmer med rekvisisjonen, må vi dessverre kaste.
  •  Blodprøver skal merkast ved pasienten like etter prøvetaking.
  •  Dersom det er anna type materiale enn serum som blir overført til fordelingsrør, må type materiale skrivast på prøveetiketten (til dømes EDTA-plasma til PTH). 
  •  Prøver med kjent eller mistenkt blodsmitte skal merkast med gul lapp. Her skal og rekvisisjonen merkast med blodsmitte. 
  • Prøver til blodtyping og pretransfusjonsundersøking må signerast av prøvetakar, som stadfesting på at heile fødeslsnummeret er kontrollert. Prøver utan signatur kan ikkje nyttast.


Barkodeetikettar blir lest i analysemaskinene, og det er ønskeleg at etikettane blir klistra loddrett med strekkodene øverst. Det er også ønskeleg at etikettane blir klistra slik at vi kan sjå  blod-/serumsøylene i prøverøra.



klistring av etikett på rør

Prøverøret til venstre er korrrekt merka (strekkoden opp, blodsøyla viser)

Feil klistring:

  1. Etiketten er klistra slik at blodsøyla ikkje viser
  2. Strekkoden vender nedover 
  3. Etiketten er klistra saman på tvers av prøverøret
  4. Etiketten er klistra på skrå






Fann du det du leita etter?