Urinprøver

Urinprøvetaking til analysar innan medisinsk biokjemi

Prøvemateriale og prøvetaking

Korrekt prøvetaking er viktig. Unngå at urinen blir forureina av bakteriar frå hud og slimhinner rundt urinrøropninga.  Bruk midtstråleurin. I Labanalyse er det utfyllande informasjon om dei ulike analysane vi utfører i urin.

Noklus har laga skrifteleg veiledning i urinprøvetaking og denne er tilgjengelig på fleire språk. 

  • Midtstråleurin: Hald kjønnsleppene frå kvarandre eller dra forhuda tilbake La første del av urinstrålen gå i toalettet, samle deretter ca 1 dL urin i ein rein behaldar med tett lok. Det vil alltid vere bakteriar i urinvegane, og desse vil då bli skylt ut før sjølve prøven blir tatt. La resten av urinen gå i toalettet.

  • Morgonurin: Urinprøve takast om morgonen og før fysisk aktivitet. Urinen bør ha stått i blæra i minst 4 timar.

  • Tilfeldig urin (spoturin): Urinprøve blir tatt på eit  tilfeldig tidspunkt i løpet av døgnet.

  • Døgnurin: Døgnurin er urinmengde produsert i løpet av 24 timar. Det er viktig at pasienten blir nøye informert om framgangsmåten for samling av døgnurin. Her finn de Informasjonsskriv til pasientar.

    1. Første morgonurin kastast og tidspunkt noterast.
    2. Samle all urin i ein behaldar til og med morgonurinen dagen etter. Denne morgonurinen takast på same tidspunkt som dagen før.
    3. Heile døgnmengda blandast godt, volumet målast og noterast på rekvisisjonen og ein porsjon av prøven blir tatt ut til analyse. Eventuelt kan prøvebehaldar med heile volumet leverast til laboratoriet. 

Haldbarheit og lagring av urinprøver.

Generelt blir det anbefalt at urinprøver blir analysert raskt, helst innan to timar, og inntil fire timar om urinen blir oppbevart kjølig. Kjølig oppbevaring hindrar oppvekst av bakteriar og nedbryting av komponentar.

Bruk prøvebehaldar med tett lok, kjøpt på apotek eller levert frå laboratoriet. Om slik eingongsbehaldar ikkje er tilgjengelig kan annan behaldar brukast, men den må då bli grundig reingjort og vere heilt fri for såperestar.  

Prøvebehaldar til døgnurin: Denne kan ein få ved å henvende seg til laboratoriet. I nokre tilfelle er prøvebehaldaren tilsett ei svak syre. Den er då særskilt merka.

 

Merking av prøver

Merk prøvebehaldar med namn og fødselsnummer (11 siffer).

Noter prøvetakingsdato og klokkeslett på rekvisisjonen, alternativt på prøven sin etikett.

 

Feilkilder

  • Forureining ved prøvetaking, f.eks. andre sekret
  • Feil prøvetakingsutstyr
  • Mangelfull oppsamling, unøyaktig måling av diurese
  • Feil samletidspunkt
  • Feil oppbevaring / forsendelse av prøve
  • Manglande kliniske opplysningar

 

 

 


Fann du det du leita etter?