Merking av prøverør

Korleis merke prøverør

Alle prøver som blir sendt til LMBB må vere merka med pasienten sitt namn, fødselsnummer og prøvetakingstidspunkt. Feilmerka prøver, eller prøver der prøverør ikkje stemmer med rekvisisjonen, må vi dessverre kaste. Prøvene skal merkast ved pasienten like etter prøvetaking. Dersom det er anna type materiale enn serum som blir overført til fordelingsrør, må type materiale skrivast på (til dømes EDTA-plasma til PTH).  Prøver med kjent eller mistanke om blodsmitte skal merkast med gul lapp. Her skal og rekvisisjonen merkast med blodsmitte.

Prøver til blodtyping og pretransfusjonsundersøking må signerast av prøvetakar, som stadfesting på at heile fødeslsnummeret er kontrollert. Prøver utan signatur kan ikkje nyttast.

Barkodeetikettar blir avlest i analysemaskinene, og det er ønskeleg at etikettane blir klistra loddrett med strekkodene øverst. Det er også ønskeleg at etikettane blir klistra slik at vi kan sjå  blod-/serumsøylene i prøverøra.

prøverør med etiketter

Her er eksempel på feil klistring av etikettar:

BILDE med tekst. Sjå Fonna. 







Fann du det du leita etter?