Koronavirus

Eit koronavirus har forårsaka eit pågåande utbrot av luftvegsinfeksjon. Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og sjukehusa følgjer utviklinga tett.

​Koronaviruset er eit nytt SARS-liknande virus. Viruset smittar via dropesmitte, og kan gje alt frå milde forkjølelsesliknande symptom til lungebetennelse. World Health Organization (WHO) har erklært internasjonal folkehelsekrise som følgje av utbrotet.

 

Har du avtale på eit av sjukehusa?

For å førebyggje smitte av Covid 19 ber vi deg fylle ut dette skjemaet 2 virkedagar før timen din på sjukehuset.
Fyll ut skjema her (helsenorge.no)

Merk at dette gjeld ved fysisk oppmøte, ikkje videokonsultasjon. I tillegg krev det at du har oppretta brukar på helsenorge.no og at du har gitt fullt samtykke i profilen der. Dersom du ikkje har mogelegheit til dette vil avdelinga ringe deg. Dersom situasjonen endrar seg etter du har sendt inn skjema må du kontakte avdelinga du skal til umiddelbart!

Det kan vere grunn til mistanke om smitte dersom du har har vore i eit område der det er kjent spreiing av koronaviruset, og i ettertid fått symptom på luftvegsinfeksjon (sår hals, hoste, tung pust, feber).

Oppdatert informasjon og råd frå Folkehelseinstituttet (FHI) 

Lurer du på om du er smitta, ta først kontakt med eigen fastlege. Dersom du ikkje får svar hjå fastlege kontakt 116 117 om det hastar. Ikkje oppsøk eller ta kontakt med legevakt eller sjukehus direkte.
Ring alltid først.

Har du vore på reise i område med koronaspreiing, eller i nærkontakt med stadfesta eller mistenkt smitta?
Vi ønsker å avgrense besøkande i sjukehuset for å verne pasientar og helsepersonell. Er du usikker, ring oss på telefon 578 39000.

Helsedirektoratet har oppretta eigen informasjonstelefon om koronavirus for publikum. Om du ikkje finn svar på fhi.no kan du ringe 815 55 015.

Det kan og vere aktuelt å teste deg dersom du har hatt nærkontakt med nokon som allereie har fått påvist koronavirus, og i ettertid fått symptom på luftvegsinfeksjon.

• Testinga vil som regel skje hjå fastlegen, ved hjelp av ei enkel undersøking av nase og hals. Svaret på prøven kjem seinast innan eit døgn.
• Om testen er positiv, er vidare tiltak avhengig av tilstanden til den smitta. For personar som har lette symptom, kan det vere aktuelt å isolere seg i eigen heim. Personar som treng behandling på sjukehus vil bli lagt på isolat på sjukehuset.

Definisjonar av mistenkte, sannsynlege og stadfesta tilfeller (FHI)

Vi tilrår at personar som har vore i område med vedvarande smitte dei siste 14 dagane, ikkje besøker helseinstitusjonar unødig. Om det er heilt naudsynt med besøk, må du først kontakte avdelingen pasienten ligg på via telefon slik at smitteverntiltak kan iverksettast.

For pasientar som har vore i område med mange smitta, gjeld no i praksis altså dei same reglane som for tilsette som har vore på reise i slike område. Reglane omfattar også pårørande som ønskjer å besøkje pasientar. Det same er også tilfellet for studentar, hospitantar eller andre som utfører arbeidsoppdrag eller har andre grunnar til å oppsøkje sjukehusa.

 

 

Råd og informasjon til einskilde pasientgrupper

Barn og unge

Anbefaling til føresette og barn med revmatisk sjukdom (legeforeningen)

Informasjon vedr. barn og unge med inflammatorisk tarmsjukdom (legeforeningen)

Anbefalingar frå Noregs barnekreftmiljø per 13. mars 2020 (legeforeningen) 

Informasjon til leversjuke og -transplanterte (legeforeningen) 

Pasientar med multippel sklerose (MS)

Ny og oppdatert informasjon om MS og Koronaviruset (MS-forbundet)

Informasjon til pasientar om MS-behandling og risiko for alvorleg koronainfeksjon (Helse Bergen)

Føde og barsel

Informasjon til deg som skal føde

 

 

Sjukehusa i grøn beredskap

Helse Førde er i grøn beredskap på grunn av pandemi. So lenge det varar må vi gjere ting litt annleis for å avgrense smittespreiing:

  • Det er strengare tilgangskontroll og avgrensingar på besøk til inneliggjande.
  • Før dei kjem til sjukehusa må alle pasientar og pårørande som skal inn til sjukehusa må fylle ut eit skjema for å avdekke smittefare.
  • Pasientar som er kalla inn til time, og der det er mistanke om smitte eller symptom, vil anten bli testa eller få melding om å vere heime inntil smitte er avklara.
  • Det er viktig å halde avstand for å unngå smitte. Venterom og fellesareal er no lagt til rette for å halde minimum to meter avstand og det skal maksimalt vere fem personar samtidig på venteromma.
  • Alle undersøkingar eller konsultasjonar som kan utførast via telefon eller video skal bli utført på telefon eller video.

Slik får vi trygge sjukehus – velkommen til Helse Førde!

 

  

Nyhendesaker

Fann du det du leita etter?