Konstituert leiar i Lærdal

Vidar Øvrebø (55) er konstituert som stadleg leiar ved Lærdal sjukehus frå mars/april 2021 og ut året.

Øvrebø er utdanna økonom frå BI. Han er i dag avdelingssjef for Pasientreiser i Helse Førde, ein jobb han har hatt sidan 2014. Vidar Øvrebø er gift og har to born i tenåra.

Vidar Øvrebø.jpg

Øvrebø har elles variert yrkesbakgrunn, og har vore tilsett i Hydro aluminium, han har vore innkjøpsdirektør i Aker Yards og vore dagleg leiar i Sekom (interkommunalt selskap for tilrettelegging av saker for kontrollutvala i kommunane).
I tida som avdelingssjef for Pasientreiser har Øvrebø delteke i fleire regionale og nasjonale prosjekt.

- På slutten av fjoråret vart eg spurt om eg kunne gå inn i stillinga som stadleg leiar i Lærdal, fortel Øvrebø.  - Eg takka ja ettersom eg ser at det er spennande oppgåver knytt til stillinga, og eg tykkjer det er kjekt å kunne ta fatt på nye utfordringar.

Øvrebø, som no bur på Sande i Sunnfjord, vil ha bustad i Sogndal i perioden han er konstituert som stadleg leiar ved Lærdal sjukehus. Noverande stadleg leiar i Lærdal, Margun Thue, har sagt opp stillinga, men skal stå stå i stillinga fram til Vidar Øvrebø tek over.