illustrasjon av eit høgt bygg
Førde sentralsjukehus tysdag 3. august klokka 10 - 12.00

Grunnsteinmarkering

Helse Førde inviterer til grunnsteinmarkering

Markeringa ved Førde sentralsjukehus er tysdag 3. august kl. 10.00 – 12.00.

Føretaket er stolte over at statsminister Erna Solberg har takka ja til å legge ned grunnsteinen for det nye somatikk bygget ved Førde sentralsjukehus, Livabygget. Dette nybygget inngår i byggesteg 2 i ei omfattande modernisering av sjukehuset i Førde.


 

Program:

Kl. 10.00 Oppmøte og parkering. Verneutstyr og smittevernutstyr blir delt ut
Kl. 10.15 Velkommen, talar og nedlegging av grunnstein
Kl. 11.00 Servering i Farabygget/ talar /kulturelt innslag
Kl. 12.00 Avslutning


 

Påmelding og kontakt til Helse Førde

Covid-19-pandemien gjer at føretaket legg til rette for at alle gjestar kan delta trygt. Arrangementet blir difor berre for inviterte. Frist for påmelding er seinast onsdag 28. juli per e-post til: reidun.berg@helse-forde.no

 

Smittevern - følgande råd og retningsliner er gitt

Smittevernansvarleg for arrangementet:
Fungerande fagdirektør Rune Hørgård Tilseth.
Kontakt via Førde sentralsjukehus sitt sentralbord på telefon: 57 83 90 00
eller med e-post: post@helse-forde.no

  • Personar som er sjuke, i karantene eller isolasjon kan ikkje delta på arrangementet.
  • Hovudregel for alle er å oppretthalde god avstand. Alle som ikkje høyrer til same kohort/husstand skal halde ein meter (målt frå skulder til skulder) avstand under heile arrangementet.
  • Det blir lagt godt til rette for handhygiene, ved toalett og ved servering inne.

Tilkomst og parkering

Inviterte gjestar skal parkere på tilvist parkeringsområde. Sjå kart under.

2021-07-30_Finne fram - Grunnsteinmarkering_web.jpg

Finne fram til grunnsteinmarkering

 


 


 

 


 

 



Livabygget er godt nytt for pasientane våre

Førde sentralsjukehus stod ferdig i 1979. Sidan den gang har sjukehuset blitt bygd på fleire gonger. Hovudbygget, Svanabygget er i store trekk originalt frå byggeåret og freda av Riksantikvaren. Fram til 2028 skal Helse Førde  gjennomføre eit stort moderniseringsarbeid.

Nybygget vil gje sjukehuset over hundre nye sengerom, dei fleste einerom. Dette vil gje pasientane våre ei ny og betre oppleving av sjukehusopphaldet. Kvinneklinikken kjem med fire nye fødestover, ein ny sengepost for føde- og barsel omsorg og ei ny avdeling for barn. Spesielt for mor og barn vil einerom utgjere ein stor forskjell i den tida dei er på sjukehuset.
Nybygget kjem med fleire nye, avanserte spesialrom. Noko som aukar kapasitet på undersøking og utgreiing av sjukdom. Ei ny operasjonsavdeling med åtte operasjonsstover avløyser stovene frå 1970-talet. I tillegg kjem det ein ny observasjonspost og ein ny post for oppvaking.

 

 

 

Fann du det du leita etter?