Helsefagarbeidar

Helsefagarbeidarutdanninga er eit lærefag der ein går 2 år på vidaregåande skule, og deretter 2 år med opplæring i bedrift. Dei to åra i vidaregåande skule omfattar teoretisk og praktisk opplæring i faget. Helsefageleven blir deretter tilsett som lærling i ein kommune der han tek imot lønn frå arbeidsgjevar.

​Som ein viktig del av fagopplæringa kan lærlingane i løpet av dei siste 12 månadane av si læretid ha ei innføring i spesialhelsetenesta.

Opplæringa i sjukehus består av

  • introduksjonssamling på Førde Sentralssjukehus, deretter
  • utplassering i 2 månader ved valfritt sjukehus i fylket

Etter individuell vurdering av fagleg leiar kan omfanget avgrensast til 1 månad for lærlingar med fleire års praksis i faget frå tidlegare ( vaksne lærlingar).

Instruktørar ved Helse Førde sine sjukehus på Nordfjordeid, Førde og Lærdal, vil ivareta og dokumentere den praktiske opplæringa av den enkelte lærling i samarbeid med den faglege ansvarlege i kommunen.

Avdelingar som tek imot lærlingar er:

  • Medisinsk avdeling
  • Kreftavdeling
  • Ortopedisk avdeling
  • Kirurgisk avdeling
  • Avdeling for nevrologi, reumatologi og rehabilitering (ANRR)

Helse Førde tilbyr 20-25 helsefagarbeidarlærlingar praksisplass samla for fylket.

I tillegg vil helseføretaket tilby 4 praksisplassar for YSK-lærlingar som gjennomfører læretid parallelt med gjennomføring av skulefag.

Kontaktinformasjon:

​Kari-Anne Sunde, Seksjon for undervisning, tlf. 578 39032.
E-post: Kari-Anne Sunde

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​