VR for rehabilitering og læring

Bli betre kjend med kva mogelegheiter VR-teknologi kan gje helsesektoren

Bruk av VR til rehabilitering har stort potensial. Helse Førde har både utvikla og teke i bruk VR-teknologi, og erfaringane er gode. Vi ønskjer derfor å samle VR​-entusiastar og andre i vårt område, til ein spennande dag med VR som tema!

Vi inviterer til temadag: VR for rehabilitering og læring​


Når:
 Måndag 13. september.
Kva: Seminar og demodag på Førde sentralsjukehus. 
Kven: Den fysiske gjennomføringa av arrangementet er for tilsette og studentar på HVL og Helse Førde, men seminardelen vert streama og tilgjengeleg for ALLE som har lyst til å få innsikt i denne tematikken.​
​Arrangørar: Helse Førde, Høgskulen ​​på Vestlandet, HVL Skape, Sim Arena og Helse Vest IKT.

Webinaret

​Seminar-delen er over for denne gong, men du kan sjå opptaket her:

 

​Seminar/we​​bi​​nar 10.00-12.00

På programmet har vi foredragshaldarar frå Høgskulen på Vestlandet, Helse Førde, Helse Vest IKT. I tillegg har vi ein ekstern gjesteførelesar frå NTNU Trondheim!

Vonstad_Elise.jpg

Elise Vonstad er utdanna bevegelsesvitar frå NTNU med bakgrunn frå Sunnaas Sykehus, og er no stipendiat ved institutt for datateknologi og informatikk. 

Ho er levande oppteke​ av bruk av teknologi i helse, og særleg VR og spill i trening og rehabilitering. ​




Program

Grunna sjukdom kunne Elise diverre ikkje bli med oss likevel. Programmet vart difor endra 13. sept kl. 09:25.

10.00 - 10.05  Velkomen

10.05 - 10.20  "VR for rehabilitering og læring"
v/Lars Peder Bovim, Høgskulen på Vestlandet

10.20 - 10.30  "Rehabilitering med nye auge - bruk av VR for hjerneslagpasientar"
v/Stine Solvik og Jeanette Svarstad, Helse Førde

10.30 - 10.40  "Coin Catcher - VR-spel for balansetrening"
v/Anders Simonsen, , Høgskulen på Vestlandet

10.40 - 10.50 "Holo Bow - VR-spel mot korsryggsmerter"
v/Thomas Fiskeseth Larsen, Helse Vest IKT

10.50 - 11.00  Pause med beinstrekk

11.05 - 11.20  "VR-rommet for barn og unge på Energisenteret"
v/Lars Peder Bovim, Høgskulen på Vestlandet

11.20 - 11.30  "Satsing på VR på fakultet for helse og sosialvitskap, HVL"
v/Ivar Rosenberg, Høgskulen på Vestlandet

11.30 - 11.45  "Satsing på VR i Helse Vest"
v/Håkon Garfors, Helse Vest IKT

11.45 - 12.00  Informasjon om resten av dagen og kva som skjer på stasjonane​


VR-demoar 12.15-15.30 i Gymsalen FMR​
skjermbilete frå VR-spel

HoloBow - masteroppgåve ved HVL

Utvikla som del av masteroppgåve til bruk i eit forskingsprosjekt til fysioterapeut Maja Sigerseth. Saman med to andre kommersielle spel har det som mål å gje pasientar med kroniske korsryggsmerter og frykt for rørsle ei treningsøkt med tilpassa behov for ryggfleksjon. Spela legg samla vekt på sansedistraksjon og «spelifisert» trening der pasienten opplever progresjon og meistring.

Coin Catcher - "Årets bacheloroppgave" ved HVL 

Coin Catcher er eit VR-spel for balansetrening i sittande og ståande, utvikla i samarbeid med fysioterapeutar i Helse Førde og SimArena ved Høgskulen på Vestlandet. Konseptet er enkelt, der det går ut på å fange flygande mynter, og spelet kan nyttast i to modular; Terapeutmodus, der behandlar legg ut myntar manuelt, eller Frimodus, der myntane vert plassert tilfeldig. Spelet er utvikla som bacheloroppgåve på Dataingeniør ved Høgskulen på Vestlandet, og vart kåra til Årets bacheloroppgåve 2021.

VR Walk - tverrfagleg oppgåve mellom studentar på HVL 

VR Walk koplar tradisjonell tredemøllebasert gangtrening med VR-baserte oppgåver av motiverande og utfordrande art. Grunnoppgåva er å gå på ein sti i eit tropisk miljø, medan ekstraoppgåvar er til dømes mynt-fanging, øksekast, endra stibredde og liknande. Spelet nyttast per i dag til forskingsformål ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Bergen. Spelet er utvikla utelukkande gjennom studentoppgåver, på tvers av utdanningane Fysioterapi, Fysioterapivitskap, Dataingeniør, Programutvikling og Innovasjon og entreprenørskap.

3D Organon - nyttast i anatomiundervisning 

Lær anatomien i kroppen ved å ta frå kvarandre og sette saman alle bestanddelar i VR. 3D Organon VR er ein kommersiell applikasjon som nyttast i anatomiundervisning rundt om i heile verda. Her på vestlandet har Høgskulen på Vestlandet, med støtte frå DIKU, integrert denne applikasjonen som del av Bachelor i Radiografi og Master i Jordmorfaget. Argumentasjonen for å nytta denne applikasjonen er at studentane får ein auka forståing for den tredimensjonale oppbygginga av anatomiske strukturar på ein raskare og betre måte enn ved bruk av to-dimensjonale løysningar som tradisjonelt vert nytta, og den faglege diskusjonen kan styrast inn mot funksjonell anatomi på eit tidligare stadie.

Sharecare - nyttast i undervisning 

Her er igjen ein kommersiell applikasjon med utgangspunkt i anatomisk læring. I Sharecare kan vi sjå og oppleva kroppen i levande live frå innsida i full realistisk 3D, med gode animasjoner av væskestraum, hjartefunksjon lungefunksjon og liknande. Vidare kan vi påverke organa med medisinske parametre og sjukdommar, for så å sjå kva innvirkning dette har på væskestraum og funksjonar.

Beat Saber - nyttast i opptrening etter hjerneslag 

Beat Saber er truleg det mest kjente og brukte VR-spillet som eksisterer. Dette er eit dansespel, der formålet er å slå boksar i takt med musikk. Sjøl om spelet i utgangspunktet er utvikla for underhaldning, vert det aktivt nytta inn som motiverande trening i mange samanhengar. Her på vestlandet vert det nytta i Helse Førde (Fysioterapiavdelinga) som del av rehabilitering etter hjerneslag, og ved Energisenteret for barn og unge (Helse Bergen) som del av oppfølging av born og unge innan somatiske og psykiatriske avdelingar.

Smittevern i VR - opplæringsspel laga av Helse Vest IKT 

Her kan du sjølv praktisere av/på-kledning av fullt smittevernsutstyr, samt utføre prøvetaking av pasient. Opplæringsspillet er utvikla for Haukeland sitt opplæringssenter for opplæring ifbm covid-19.

​Psykiatriambulansen Stavanger 360 VR - øvingsspel laga av Helse Vest IKT 

Opplæring av tilsette på voksenpsykiatrisk i Stavanger som jobbar på psykambulansen ved å bruke 360 video i VR. I dette spelet får ambulansepersonell høve til å trene på utfordrande situasjonar i møte med pasienten. Dette kan til dømes vere rusa pasientar, bipolare pasientar, eller pasientar som er suicidale. ​​​​​​​​


​​​​​
Spø​​rsmål? 

Kontakt Gro Rukan: 91321392 / gro.rukan@helse-forde.no​​​​


Samarbeidspartar

 

logo høgskulen 

logo innovasjonsuken OPPlogo helse vest ikt
hvl logo kvit bakgrunn.png
Fann du det du leita etter?