Gjennomføring av forskingsprosjekt

Om gjennomføring

Handtering av data

Prosjektleiar er ansvarleg for sikker datahandtering i prosjektet og for arkivering i sakssystemet til Helse Førde. Her er nokre punkt ein må passe på:

  • DATABEHANDLINGSPLAN: Ein skal i søknadsprosessen ha vurdert og drøfta saman med IKT tryggleiksleiar i Helse Førde om korleis ein handterer tryggleik i høve helsedata, persondata, etikk og informasjonssikring. Databehandlaravtale med HV-IKT og evt. tredjepart. Alle forskingsdata skal ligge på sikkert område, fortrinnsvis på HV-IKT sin forskingsserver. Avidentifiserte data og koplingsnøkkel skal lagrast kvar for seg.
    Mal databehandlaravtale
  • Ein skal ha eit system for all datalogistikk i prosjektet. Ved midlertidig lagring og transport må følgjande takast omsyn til:

    - Papirbaserte forskingsdata, bilete eller lydopptak som ikkje er anonymiserte skal lagrast i avlåste arkiv

    - Lyd- og bileteopptak skal gjerast på passordbeskytta einingar (diktafon/videokamera/mobiltelefon) som ikkje er kopla til Internett. Lyd- og biletefilar skal lagrast på forskingsserveren så snart det lar seg gjere og rett slettast frå den mobile eininga. 

    - Minnepenn berre for midlertidig lagring (overføring av data). Krypter data med passord. 
     
  • Ein skal ha avgjort kva programvare ein treng, og korleis dataflyt går til og frå analyseprogramma på sikre måtar. Tenk kvalitetssikring og informasjonstryggleik i alle ledd. Det er prosjektleiar sitt ansvar at alle som er deltakar i prosjektet følger internkontrollsystemet til Helse Førde.
  • Ver særleg OBS på reglar for samarbeid og deling av data, inkludert at uttrekk frå journal må søkast godkjenning om frå fagdirektør.
  • Prosjektleiar skal ha oversikt over kven som har tilgang til forskingsdata og tilgang til koplingsnøkkel skal avgrensast. NB! Evt. avtale med «ikkje-tilsett».

Rapportering

Prosjektleiar har ansvar for framdriftsrapportering; økonomisk og fagleg.

Dette involverer å ha kontakt med rekneskapsansvarleg og eventuelt finansieringskjelde om finansieringsframdrift, og å framdriftsrapportere til faglege instansar som td. CRISTIN.

Endringar skal meldast til dei involverte instansane; avdelingsleiar og klinikkdirektør, personvernombod, REK og eventuell finansieringskjelde. Endringar skal dokumenterast i saksarkivet til Helse Førde av prosjektleiar.

Sikre datakvalitet

Analyseverktøy og analysemetodar skal allereie vere valt i planleggingsfasen, men følgjande er viktig i denne prosjektfasen:

  • Avlusing av data (kvalitetssjekk av data og fjerne data som openbart er feil)
  • Tilrettelegging av data; lage td. eigna analyseringstabellar i rett format
  • Kontinuerleg kvalitetssikring av data i alle ledd. Alle prosjektmedarbeidarar må vite kva ansvar dei har
  • Ein må bruke logikk for å sjå om data er urimelege eller er openbare uteliggjarar
  • Analysefase: Dersom ein manglar kompetanse må ein FÅ dette ved øving, kursing eller rettleiing.

Publisering

Det finst ulike måtar ein kan rapportere prosjektresultat på. Det er finansieringskjelda eller prosjekttypen som avgjer kva som er mest relevant. Publiseringa kan vere på norsk eller engelsk, avhengig av publiseringskjelda og mottakar. Her følgjer eit utval av måtar ein kan rapportere på:

  • Fagleg artikkel (fagfellevurdert eller ikkje)
  • Populærvitskapleg artikkel
  • Kronikk
  • Posterpresentasjon
  • Munnleg presentasjon i fagutval, på seminar eller på konferansar
  • Internopplæring for andre
  • Skriftlege rapportar i ulike format
  • Del av bachelor-, master-, eller dr.-grad.

NB! Hugs å dokumentere prosjekt og publiseringar i CRISTIN!

 
 




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.