HELSENORGE
Lyspære som ligg på eit bord

Forsking og utvikling

Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene til sjukehuset, saman med pasientbehandling, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.


​Aktive forskingsmiljø bidreg til å styrkje kvaliteten på behandlingstilbodet. Forsking er difor tett integrert med den kliniske delen av verksemda og eit viktig satsingsområde for Helse Førde HF.

Helseføretaka skal også ha ein naturleg plass i innovasjonsarbeid. Innovasjon i helsesektoren handlar om å utvikle og innføre nye og betre produkt og teneste. Slik sett kan innovasjon gi auka kvalitet og auka effektivitet i helsetenesta. 

Arrangement ​​​


Helseforsking Sogn og Fjordane

Helseforsking Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Målet med samarbeidet er å styrka utvikling og forsking innan helsetenesta i Sogn og Fjordane

Vi har tre tematiske forskargrupper.

  • Folkehelse, livsstil og overvekt
  • Psykisk helse og rus
  • Kvalitet og innovasjon i eldreomsorg
Samarbeidet har eigen nettstad:

Helseforsking

Helseatlas​​​​

Ei helseatlasteneste skal gi betre kunnskap om bruk og variasjon av helsetenester. Atlastenesta skal presentere omfang, ulikskapar og utviklingstrendar av helsetenester fordelt på ulike geografiske område. Eitt av hovudmåla for helsetenestene i Noreg er at tenestene skal vere likeverdige og tilgjengelege for pasientane uavhengig av kvar du bur. Store variasjonar i bruk av helsetenester, mellom ulike område der pasientane bur, er ikkje ønskjeleg dersom sjukdomsfordelinga er lik. 

Helse Førde har publisert følgande på www.helseatlas.no :

  • «Helseatlas i ortopedi for Noreg. Bruk av helsetenester innan ortopedi 2012 – 2016» (desember 2018).

  • «Helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling. Oversikt og analyse i bruk av psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar i Noreg for åra 2014-2018» (juni 2020). Sjå videolink frå  lanseringa av helseatlaset her.

​​Andre analysar:

  • ​Geografiske variasjonar i bruk av somatiske spesialisthelsetenester hos personar i psykisk helsevern. Analysar for Noreg 2017-2019.​

Analysar av somatiske helsetenester for personar i psykisk helsevern og rusbehandling.pdf


Møt helseatlas-gjengen

gruppebilete av dei som jobbar med helseatlaset
Helseatlasteamet i Helse Førde: (frå venstre) Maria Holsen, Knut Ivar Osvoll, Marte Bale, Oddne Skrede og Haji Kedir Bedane.

Helseatlastenesta i Helse Førde er ein del av seksjon for forsking og innovasjon i fag- og utviklingsavdelinga, og har fem tilsette. Arbeidsstad er Angabygget, Førde Sentralsjukehus. 

Kontaktinformasjon:
Marte Bale, leiar. Telefon +47 971 25 969. E-post.
Oddne Skrede, analytikar. Telefon +47 578 31 680/ + 47 901 07 594 E-post.
Knut Ivar Osvoll, analytikar og IKT rådgjevar. Telefon +47 578 39 762 / +47 900 72 542. E-post.
Maria Holsen, lege/PhD/seniorrådgjevar. Telefon +47 578 31 679/ +47 407 68 635. E-post.
Haji Kedir Bedane, biostatistikar/​seniorrådgjevar, telefon +47 578 316 78, E-post.​​

​Fjordomics​​

Fjordomics er eit prosjekt som byggjer på forsking utført i samarbeid med mellom andre Universitetet i Bergen (UiB) og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU).

Metodane nytta i Fjordomics kombinerar avansert instrumentering og matematisk fleirvariabel analyse. I første omgang skal teknologien brukast i medisinsk forsking, men på lenger sikt har teknologien potensiale for rutinemessig bruk innan forebyggjing, diagnose, behandlingsval og resultatvurdering av sjukdomsbehandling. Teknologien gir medisinsk personell raskare, meir presise og langt meir informasjonsrike analysar enn det som er mogleg med tradisjonelle metodar. Dette gir eit objektivt og meir samansett bilde av eksisterande sjukdom og gjer det mogleg for å syna eit utviklingsforløp med stor grad av presisjon.

Fjordomics fokuserar på analyse av blod i relasjon til livsstilsrelaterte sjukdomar, men metodane er generelle og kan brukast i andre sektorar av helsetenesta og på anna biologisk materiale enn blod.


NORSE​

NORSE er eit elektronisk sjølvrapporteringssystem der pasientar melder frå om korleis dei har det over 17 dimensjonar av psykisk helse. Behandlar og pasient får tilgang på avansert informasjon om mønster i pasienten sin tilstand. Dette støttar val i behandlingsprosessar.

I tillegg er fleire forskarar i Helse Førde knytt til andre grupper og prosjekt. For oversikt sjå Cristin (Current Research Information System in Norway):

Vitskaplege publikasjonar frå Helse Førde (2014-2017)Forskarar i Helse FørdeProsjekt

Forskingsrutinar​​

Her finn du Helse Førde sitt internkontrollsystem forsking og retningslinjer for medisinsk og helsefagleg forsking. Internkontrollsystemet for forsking er utarbeida som eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen og tilpassa Helse Førde si verksemd.
Retningslinjene i internkontrollsystemet skal være praktiske hjelpemiddel for forskarar til å planlegge og gjennomføre forskingsprosjekt i tråd med god og etisk forsvarlig medisinsk og helsefaglig forsking.

Les meir: Handbok Helse Førde

Innovasjon​​

Innovasjon i helsesektoren er definert slik: Utvikling av ei ny eller forbetra vare, teneste, produksjonsprosess eller organisasjonsform som utgjer eit konsept som kan brukast på nytt. Innovasjon er viktig for å auke den offentlege verdiskapinga gjennom betre kvalitet og kostnadseffektivitet. Slik sett kan innovasjon gi auka kvalitet og auka effektivitet også i helsetenesta. 

I Helse Vest vil idear som har størst nytte for pasientar, pårørande og tilsette bli prioritert. Om du har pasienterfaring, er tilsett, pårørande, samarbeidspartnar eller representant frå næringslivet, er du velkomen til å dele ideen din med oss. Vi vil følgje opp forslaget ditt og gje deg ei rask tilbakemelding.

  • Rukan, Gro
    Prosjektleiar innovasjon/forretningsutviklar helse.
    Mobil 913 21 392 / e-post

Det finnast idémottak i alle helseføretaka i Helse Vest. Du kan sende ideen din direkte til Helse Førde her:

Idèportalen

Strategi for forsking og innovasjon​

Forskingsstrategi i Helse Førde HF (pdf)Forskingsstrategi i Helse Vest (pdf)Innovasjonsstrategi i Helse Vest (pdf)

Årsrapport​​​

Årsrapporten viser oversikt over forskingsaktiviteten i Helse Førde HF som publikasjonar og avdagde doktorgrader.

Årsrapport Helse Førde 2016 (pdf)

Årsrapport til satsingane

Folkehelse, livsstil og overvekt

2016 (pdf)

2017 (DOCX)

2018-2019 (DOCX)

Psykisk helse og rus

2016 (pdf)2017 (DOCX)2018-2019 (DOCX)

Kontakt oss​​

  • Mjanger, Guro
    • ​Seksjonsleiar Senter for helseforsking. Mobil 992 58 047/ e-post
  • ​Solheim, Marit Eva
    • Forskingsleiar. Mobil: 400 46 114 / e-post
  • Rukan, Gro
    • Innovasjon/forretningsutviklar helse. Mobil 913 21 392 / e-post
  • Andersen, John Roger
    • Forskingskoordinator. Mobil 482 78 186 / e-post
  • Resaland, Geir Kåre
    • Forskingskoordinator. Mobil 416 21 333 / e-post
  • Hovland, Runar Tengel
    • Forskingskoordinator. Mobil 402 28 142 / e-post
  • Myklebust, Marianne Schiefloe
    • Forskingskoordinator. Mobil 986 64 325 / e-post

Nasjonal forsknings- og innovasjonsrapport

Fann du det du leita etter?