Helsenorge

Faugstad tek over som styreleiar

Anne Sissel Faugstad, nestleiar i styret i Helse Førde, rykkjer opp som leiar. Faugstad skal leie styret fram til Helse Vest har peika ut ny styreleiar. Dette skjer truleg i slutten av februar. 

Faugstad (bildet) har vore nestleiar i styret for Helse Førde sidan februar 2018. Ho var viseadministrerende direktør i Helse Bergen i ei rekkje år, og har også fungert som administrerende direktør og fagdirektør i same føretaket.

Faugstad har frå tidlegare lang erfaring som spesialsjukepleiar og høgskulelærar, og har hatt mange styreverv innanfor helse- og utdanningsfeltet.

Anne Sissel Faugstad tek over etter Agnes Landstad som går inn i vervet som leiar i styret for Helse Vest RHF.