Informasjon om kurset
HABU arrangerer eit lærings- og meistringskurs for foreldre/foresatte til barn med ME/CFS. Kurset består av innlegg frå brukarrepresentant og undervisning frå helsepersonell, moglegheit for å stille spørsmål, og rom for å utveksle erfaring med andre foreldre/foresatte som er i ein liknande situasjon.
Meir informasjon om innhald i program kjem når kursdato er bestemt.
Praktisk informasjon
Inga kursavgift eller eigenandel for dei som har barn under 16 år.
Dekking av reise etter fastesette takstar: pasientreiser
Foreldre/føresettte kan søkje om opplæringspengar for tapt arbeidsinntekt.
For meir informasjon om kriteria sjå nav
Lunsj kan kjøpast for 80 kr per person (vipps eller kontant). Gi beskjed ved allergi/særlege behov på telefon 57 83 98 70 (LMS).