HELSENORGE

Tilvising

For å komme i kontakt med eMeistring kan du få tilvising frå fastlege eller din behandlar i spesialisthelsetenesta. For å motta veileda internettbehandling må du vere over 18 år.

illustrasjon tilvising som viser eit par i dialog med ein mann. Dei sit rundt ein kontorpult

Du kan og sjølv søke om behandling på helsenorge.no:

Logg inn på helsenorge.no for å sende inn søknadsskjema for tilbod i eMeistring​

eMeistring er eit behandlingstilbod for pasientar i Helse Vest, og vi held til ved Førde Sentralsjukehus. Vi tek også imot pasientar frå andre helseregionar, men vi gjer merksam på at pasientar utanfrå Helse Vest berre vil få eit tilbod ved ledig kapasitet i eMeistring. 

Frå andre regionar enn Helse Vest må tilvisinga gå via spesialisthelsetenesta. Pasienten må der være utgreia og fått diagnose panikkliding, sosial angst eller moderat depresjon.

Tilvisingar vert tekne imot per brev eller som elektronisk tilvising.

Adresse:

Helse Førde HF
eMeistring
Postboks 1000
6807 Førde

Ring oss gjerne på telefon 57 83 94 70 dersom du har spørsmål om tilvisingar til eMeistring

  • eMeistring vurderar om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp dersom tilvisinga ikkje kjem frå spesialisthelsetenesta.
  • Pasientar som ut frå tilvising verkar å kunne være aktuelle for behandling vil som hovudregel få tilbod om ein vurderingssamtale hjå eMeistring innan 2-3 veker. eMeistring held til ved Førde sentralsjukehus. Pasientane må møte her for vurderingssamtale(r).
  • eMeistring har ikkje akuttilbod. Dersom det skulle oppstå auka risiko for sjølvmord eller mistanke om utvikling av alvorlig psykisk liding hjå pasientar under behandlinga i eMeistring er det den lokale spesialisthelsetenesta som er ansvarleg for å ivareta pasienten. eMeistring må på førehand ha fått kontaktinformasjon til lokal DPS. Ved behov for vurdering av sjølvmordsfare eller utvikling av alvorleg psykisk liding vil eMeistring ta kontakt med pasienten sitt lokale DPS og tilvise til akuttvurdering der.
Fann du det du leita etter?