Sikkerheit

Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eMeistringsprogramma nyttar vi det høgaste sikkerheitsnivået vi har i Noreg.

Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eMeistringprogramma nyttar pasient og behandlar sikkerheitsnivå 4 for å logge seg på. Sikkerheitsnivå 4 er meint for sikring av sensitiv informasjon, det høgaste nivå vi har i Noreg i dag.

Sikkerheitsnivå 4 er definert av norske myndigheter og vert forvalta av Post- og Teletilsynet. Innlogging til eMeistringprogramma med sikkerheitsnivå 4 skjer via BankID og Buypass. 

Ta kontakt med banken din for å bestille BankID. Buypasskort kan du bestille saman med din behandlar i eMeistring.

Har du spørsmål om sikkerheit eller anna tilknytta eMeistringprogramma ta kontakt med oss på epost  emeistring@helse-forde.no eller telefon 57 83 94 70.

 

Fann du det du leita etter?