HELSENORGE

Brukarstøtte

I samband med bruk av behandlingsprogramma i eMeistring kan det dukke opp vanskar knytt til tilgang, pålogging og sjølve behandlinga. På denne sida vil vi forsøke å hjelpe deg med dette.

illustrasjon av to figurar som held ei bærbar datamaskin

Dersom det er tekniske feil eller problemar i forbindelse med behandlinga er det viktig at desse kjem fram til oss. 

For at vi best skal kunne hjelpe deg, må du sende ei best mogeleg beskriving av problemet som har oppstått. Ta også gjerne eit skjermbilde av feilen/problemet. Lim skjermbildet inn i ein epost og send den saman med beskriving av problemet til: 

emeistring@helse-forde.no

Hugs at sensitiv informasjon (f.eks. informasjon om deg eller personnummer) ikkje skal sendes på epost.

 

 

 

   

 

   

   

   

Fann du det du leita etter?