Panikkliding - internettbehandling

Panikkliding er ein tilstand der ein gjentekne gonger får panikkanfall som er kjenneteikna av fleire av dei følgjande symptoma; hjartebank, kjenna seg svimmel, skjelving, trykk i brystet, sveitte, kjensle av uverkelegheit eller kvalme / uroleg mage.

diffust bilde av ei folkemengd bakifrå
Panikkanfall kan ein ha ved ei rekkje ulike psykiske tilstandar, ikkje berre ved panikkliding (til dømes som reaksjon på å oppdage ein edderkopp på handa for ein person som har edderkoppfobi).

Panikkliding vert kjenneteikna av at ein har plutselege og uventa panikkanfall i ulike situasjonar og ikkje berre i situasjonar der ein forventar å vere engsteleg.

Anfalla fører med seg betydeleg og vedvarande redsle for å få nye anfall, konsekvensane av anfalla (til dømes at ein skal miste kontrollen, få hjarteinfarkt, bli gal), eller ei betydeleg endring i kva ein kan gjere som følgje av anfalla (t.d. unngår stadar, forsikrar seg om at ein ikkje går aleine).

Første modul i behandlingsprogrammet for pa​nikkliding (pdf)​

eMeistring si behandling for panikkliding bygger på boka «Ingen panik: Fri från panik- och ångestattacker i 10 steg med kognitiv beteendeterapi» av Per Carlbring og Åsa Hanell.

Slik foregår eMeistringsbehandlinga for panikkliding - trinn for trinn

 

Sist oppdatert 07.03.2023