Når du er deprimert har du i tillegg hatt nokre av desse symptoma, mesteparten av tida, i minst to veker:
- Problem med å sove, eller for mykje søvn
- Vanskar med å konsentrere deg eller å ta avgjersler
- Låg sjølvtillit
- Anten lite matlyst eller auka appetitt
- Grunnlaus skuldkjensle
- Kjensle av å være enten «gira» eller at alt går sakte
- Sjølvmordstankar
- Irritasjon
- Tendensar til å engste deg
Når ein er deprimert er det lett å havne i ein vond sirkel der mindre aktivitet gjer deg mindre energi og glede, som igjen fører til mindre aktivitet og så vidare. For å få det betre treng ein å bryte denne sirkelen. Det gjer ein enklast ved å gjere meir av det som gjer ein godt, sjølv om det ikkje kjennast rett der og då.
Gjennom behandlinga i eMeistring skal du få lære korleis du kan bryte denne vonde sirkelen og skape ein betre kvardag.
Første modul i behandlingsprogrammet for depresjon (pdf)
eMeistring si behandling for depresjon bygger på boka «Ut ur depression och nedstämdhet med kognitiv beteendeterapi: ett effektivt självhjälpsprogram» av Gerhard Andersson, Jan Bergström, Fredrik Holländare, Jan Lenndin och Kristofer Vernmark.
Slik foregår eMeistringsbehandlinga for depresjon - trinn for trinn