Etter operasjonen vil du få saftis og isbitar til å suge på. Ta med deg ei brødskive som du skal ete før du reiser heim. Ta også med deg ein termos som vi vil fylle med isbitar til heimreisa. Dersom alt går greit vil du kunne reise heim etter ein times tid.
Det er forventa smerter etter operasjonen og du kan oppleve nokre smertetoppar innan ein 14 dagars periode.
Ved vedvarande feber eller bløding som er meir enn berre nokre striper i spyttet, tek du kontakt med ØNH poliklinikk for råd.
Smertestillande:
Du får med deg resept på smertestillande tablettar, Pinex Forte (den gjer at du ikkje kan køyre bil sjølv) og Voltaren. Du får også resept på Penicillin som førebygging for å unngå infeksjon. Vi tilrår at du tek desse som føreskrive.
Det kan og hjelpe på smertene å suge på isbitar.
Sjukmelding:
Du vert sjukmeldt i 2 veker etter operasjonen.