Leddbandsskade, kne

Ortopedisk avdeling

På kvar side av kneleddet er det to sterke leddband som avstivar og stabiliserer kneleddet. Ved skade eller vriding av kne kan det innvendige eller utvendige sideleddbandet bli strekt eller avrevet. Det mest vanlege er skade på det innvendige sideleddbandet. Dette er den hyppigaste kneskaden og utgjer omlag 40 prosent av alle kneskadar.

Innleiing

Årsaka til skader på leddband kan kome av vridning eller rotasjon i kneet, slik at kneet pressast innover og leggen utover. Det vil som regel oppstå sterke smerter på innsida av kneet, men dette kan variere utifrå alvorleghetsgraden på skaden. Ein vil merke at kneet er mindre stabilt enn tidlegare.

Tilvising og vurdering

For å få undersøkt kneet skikkeleg kan det vere nødvendig å ta MR eller artroskopi (føre eit skop med kamera inn i kneet). Dersom fastlegen din meiner dette er nødvendig, vil du bli tilvist til ortopedisk poliklinikk.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Du vi bli vurdert av ein ortoped om skaden skal opererast eller ikkje. Kirurgisk inngrep har som mål å stabilisere kneleddet. Ved ein større strekkskade der ligamentet er delvis avrevet er det viktig at kneet sikrast med skinne 24 timar i døgnet og opp til 6 veker etter skaden. Ved ein alvorleg strekkskade er som regel også fremre korsbånd og/eller menisk skada. Kirurgisk behandling vert som regel tilbydd pasientar som har ein aktiv kvardag.

2. Under

Artroskopi – kikholsoperasjon vert utført på dagkirurgisk senter. Du vil få skriftleg informasjon om møtetider, medisinar og faste. Operasjonen går som regel føre seg i narkose. På framsida av kneet vert det laga to snitt på om lag 1 cm, der kikkert og instrument vert ført inn. Det vert skylt med saltvatn gjennom kikerten for å få bedre overblikk. Såret vert lukka med tynn tråd, og dekka av plaster. Operasjonen varer omlag 1-2 timar.

3. Etter

Du vil ha ein elastisk bandasje frå lår og ned til fot, for å dempe hevelse. Dette fjernar du som regel om kvelden på operasjonsdagen, men det kan nyttast lenger om du ønskjer det. Du skal nytte krykker for å avlasta kneet etter operasjonen. Det anbefalast å sitje med kneet høgt for å motvirke press og hevelse. Legen vil gje deg informasjon om forløpet med tanke på opptrening og fysikalsk behandling. Eit nyoperert kne vil gjere vondt. Det blir tilrådd å ta den smertestillande medisinen du får utlevert. Det kan vere smerte og hevelse i kneet opp til 4-6 veker etter operasjonen.

Stinga fjernar du hos fastlege 14 dagar etter operasjonen, med mindre anna er avtalt. Du vert vanlegvis kalla inn til kontroll på ortopedisk poliklinikk etter 2 veker. Du skal minst vere sjukemeldt til stinga er fjerna, dette kan variere utifrå yrke. Bilkøyring bør du vente med til du ikkje lenger er avhengig av krykker og foten følast sterkt nok. Du skal ikkje køyre bil så lenge du brukar smertestillande med raud varseltrekant.

Ver merksam

Ver merksam på teikn på infeksjon; dunkande/aukande smerter, rødme, hevelse eller feber.

Kontakt

Ortopedisk avdeling
Telefonar Ortopedisk avd. Førde:
Sengepost 57 83 93 73
Vaktrom vest 57 83 95 04
Vaktrom aust 57 83 99 66
Seksjonsleiar 57 83 92 61
E-post
Postadresse
Helse Førde, ortopedisk avdeling, postboks 1000, 6807 Førde.
Førde sentralsjukehus
Besøksadresse
Svanehaugvegen 2(Google maps)
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Telefon
57839000
E-post

Transport til Førde sentralsjukehus

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til Kringom.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Parkering FSS

​Det er sett av 99 parkeringsplassar som er eksklusive for pasientar og pårørande (sjå raudt område på kartet). All parkering ved alle Helse Førde sine institusjonar er gratis, men det blir gitt parkeringsbot ved feilparkering. Ein må følge skiltinga rundt Førde sentralsjukehus.

trafikkplan_fss_900_ny2.jpg

På to parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus er det automat for parkeringsbillett. Eller pasientar kan nytte parkeringsbeviset som er tilsendt ved innkalling.

Pårørande kan nytte automaten til å ta kontakt med resepsjonen inne på sjukehuset. Pårørande må då gi beskjed om kven de skal besøke på sjukehuset for så å få ein billett frå automaten.

Blodgjevarar har eigne parkeringsplassar og må nytte eige parkeringsbevis som blodgjevarar får.

Pasienthotell

​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthote.

Pasienthotellet har 21 senger. Dei er fordelt på sju enkle rom og sju doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Trådlaust nett - internett

​​Alle somatiske sengepostar i Helse Førde har trådlaust gjestenettverk. Dette er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.

​Du kan ta med bærbar PC, mobiltelefon og nettbrett og nytte vårt gjestenett uten kostnad.

Passord på SMS

Du som ønskjer å nytte internett blir beden om å legge inn mobilnummeret ditt. Du treng ikkje gje opp andre opplysningar enn det. Brukarnamn og passord får du tilsendt som ei tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar før du treng å be om nytt passord på innloggingssida.

Årsaka til innlogging er krav til tryggleik i sjukehusnettverket og er same type løysing som du finn på flyplassar og hotell.

Ta kontakt med resepsjonen eller avdelinga for meir informasjon.

Visittider Førde sentralsjukehus

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller annan nær omsorgsperson samt søsken til barnet kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​