Kikholsoperasjon, menisk (artroskopi)

Ortopedisk avdeling

Meniskane er to små støytdemparen som finst i kvart kneledd. Desse to bruskane ligger på kvar sin side av kneet, i sjølve leddet.

Innleiing

 Dei viktigaste funksjonane er:

  • Danne ei "grop" som lårbeinet kan bevege seg i utan at beinet "går ut av ledd" i forhold til leggbeinet.
  • Fordele vektbelastninga på leddflata slik at slitasjen blir så liten som mulig.
  • Fordele leddvæske slik at leddet kan beveges med minst mulig motstand
  • Stabilisere kneet

Menisken kan bli skada av forskjellige årsaker. Dei vanlegaste årsakene er i forbindelse med idrett. Men det kan og førekome på grunn av slitasjeprega menisk som følgje av generell slitasje i kneleddet. Dei vanlige symptoma er smerter, stivhet og hevelse. Nokon kan og få låsningar i kneet, der dei ikkje klarar å strekke ut kneet.

Tilvising og vurdering

Etter å ha vurdert symptoma og sjukehistoria vil ei undersøking av lege kunne gje mistanke om meniskskade. Nokon gongar må ein også ha ei MR undersøking å støtte seg til. Behandlinga er avhengig av type meniskskade. Nokon gongar er ikkje operasjon aktuelt, men dersom plagene er vedvarande vil ein ofte velje operasjon. Dersom fastlegen din meiner dette er nødvendig, vil du bli tilvist til ortopedisk poliklinikk.

1. Før

Du vil bli vurdert av ein ortoped om skaden skal opererast eller ikkje. Kirurgen vil då foreslå artroskopi av kneet. Du vil få skriftleg informasjon om møtetider, medisinar og fasting.

2. Under

Operasjonen går som regel føre seg i narkose. På framsida av kneet vert det laga to snitt på ca 1 cm, der kikkert og instrument vert ført inn for å reparere eller fjerne deler av menisken. I dei aller fleste tilfelle vil den delen av menisken som er skada bli fjerna, mendan resten av menisken blir igjen.

Operasjonen går som regel føre seg i narkose, og varar i omlag ein time.

3. Etter

Når operasjonen er ferdig blir såropninga lukka med sting eller strips og dekka med bandasje. Det er viktig å komme i gang med rørsletrening for å unngå tilstiving og forhindre blodpropp. Du vil ha på ein elastisk strømpe/bandasje som går frå lår til fot. Denne skal du behalde på i 4-5 dagar.

Du skal nytte krykker dei første dagane. Du vil ha fått på ei ortose med borrelås som du får låne med deg heim. Denne er låst i nesten full strekk og du skal som regel avlaste kneet dei første vekene, dette kan variere utifrå inngrepet. Skinna skal gradvis stillast inn i auka fleksjon frå veke til veke.

Du vil få med tilvisning til fysioterapeut for opptrening av muskulatur og rørsle.  I tillegg til fysioterapirekvisjon, vil du få med deg resept på smertestillande medisinar og blodfortynnade sprøyter. Vanlegvis treng du sjukemelding for 8-12 veker, avhengig av yrke. Bilkøyring bør du vente med til du ikkje lenger er avhengig av krykker og foten føles sterkt nok. Du skal ikkje køyre bil så lenge du brukar smertestillande med raud varseltrekant

Du vert kalla inn til kontroll etter 2 veker.

Ver merksam

Vær merksam på tegn på infeksjon; dunkande/aukande smerter, rødme, hevelse eller feber.

Kontakt

Ortopedisk avdeling

Telefonar Ortopedisk avd. Førde:
Sengepost 57 83 93 73
Vaktrom vest 57 83 95 04
Vaktrom aust 57 83 99 66
Seksjonsleiar 57 83 92 61
E-post
Postadresse
Helse Førde, ortopedisk avdeling, postboks 1000, 6807 Førde.

Førde sentralsjukehus

Besøksadresse
Svanehaugvegen 2(Google maps)
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Telefon
57839000
E-post

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Parkering FSS

​Det er sett av 99 parkeringsplassar som er eksklusive for pasientar og pårørande (sjå raudt område på kartet). All parkering ved alle Helse Førde sine institusjonar er gratis, men det blir gitt parkeringsbot ved feilparkering. Ein må følge skiltinga rundt Førde sentralsjukehus.

trafikkplan_fss_900_ny2.jpg

På to parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus er det automat for parkeringsbillett. Eller pasientar kan nytte parkeringsbeviset som er tilsendt ved innkalling.

Pårørande kan nytte automaten til å ta kontakt med resepsjonen inne på sjukehuset. Pårørande må då gi beskjed om kven de skal besøke på sjukehuset for så å få ein billett frå automaten.

Blodgjevarar har eigne parkeringsplassar og må nytte eige parkeringsbevis som blodgjevarar får.

Pasienthotell

​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthote.

Pasienthotellet har 21 senger. Dei er fordelt på sju enkle rom og sju doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Trådlaust nett - internett

​​Alle somatiske sengepostar i Helse Førde har trådlaust gjestenettverk. Dette er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.

​Du kan ta med bærbar PC, mobiltelefon og nettbrett og nytte vårt gjestenett uten kostnad.

Passord på SMS

Du som ønskjer å nytte internett blir beden om å legge inn mobilnummeret ditt. Du treng ikkje gje opp andre opplysningar enn det. Brukarnamn og passord får du tilsendt som ei tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar før du treng å be om nytt passord på innloggingssida.

Årsaka til innlogging er krav til tryggleik i sjukehusnettverket og er same type løysing som du finn på flyplassar og hotell.

Ta kontakt med resepsjonen eller avdelinga for meir informasjon.

Visittider Førde sentralsjukehus

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller annan nær omsorgsperson samt søsken til barnet kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.